Henry Carr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henry Carr

Henry Carr på toppen av sigerspallen etter 200-meteren under Sommar-OL 1964
Statsborgarskap USA
Fødd 27. november 1942
Montgomery
Død

29. mai 2015 (72 år)
Griffin

Yrke sprintar, friidrettsutøvar, amerikansk fotball-spelar
Høgd 191 centimeter
Medlem av Kappa Alpha Psi
Henry Carr på Commons

Henry Carr (27. november 194129. mai 2015) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som i 1964 vann to gullmedaljar under dei olympiske sommarleikane i Tokyo.

Carr vart fødd i Montgomery i Alabama, som voks opp i Detroit i Michigan. Han sette verdsrekord på 200 meter i 1963 med eit løp på 20,3 sekundar. 4. april 1964 forbetra han rekorden til 20,2 sekundar under eit stemne i Tempe i Arizona.

Under dei olympiske leikane i Tokyo i oktober 1964 vann Carr 200 meter på olympisk rekord, 20,3 sekundar, framom landsmannen Paul Drayton med 20,5. Seinare i leikane sprang Carr USA inn til gull på 4 x 400 meter stafett, etter at Ollan Cassell, Mike Larrabee og Ulis Williams hadde teke laget i føringa.

Frå 1965 var Carr i eit par år aktiv i amerikansk fotball, utan å oppnå suksess.

Han døydde i Griffin i delstaten Georgia, der han hadde vore aktiv for Jehovas vitne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]