Hopp til innhald

Henry Lowther

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henry Lowther
Fødd11. juli 1941 (83 år)
FødestadLeicester
OpphavStorbritannia
Sjangerjazz, jazz-fusion
Instrumenttrompet, fløyte
Verka somtrompetist, pianist, jazzmusikar

Thomas Henry Lowther (fødd 11. juli 1941) er ein engelsk jazz-trompetist.

Lowther spelte først kornett i Frelsesarmeen. Han studerte fiolin ved Royal Academy of Music, men gjekk attende til trompet i 1960. I 1960-åra arbeidde han med Mike Westbrook[1], Manfred Mann, John Dankworth (1967–77), Graham Collier (1967), John Mayall (1968), John Warren (sidan 1968), Neil Ardley (1968) og Bob Downes (1969). Mange av desse samarbeida heldt fram inn i 1970-åra. Lowther spelte stundom med The Keef Hartley Band i denne tida.

I 1970-åra arbeidde han med Mike Gibbs (1970–76), Kenny Wheeler (frå 1972), Alan Cohen (1972), Michael Garrick (1972–73), Kurt Edelhagen (1974), John Taylor (1974), Stan Tracey (sidan 1976), Tony Coe (1976), Hawkwind (1977), Graham Collier (1976–78), Jubiaba med Barbara Thompson (1978) og Gordon Beck (1978), i tillegg til at han hadde sitt eige ensemble, Quaternity. Lowther spelte òg trompetsoloen for Elton John på «Return to Paradise» på albumet A Single Man i 1978.

Han arbeidde med Buzzcocks i 1980, Talk Talk frå 1983 til 1991, med Peter King frå 1983, og med Gil Evans i 1984. I 1986 arbeidde han med Humphrey Lyttelton i John Robichaux Orchestra for ein dokumentarfilm om Buddy Bolden. Han spelte med Charlie Watts sitt band i 1986-87, og leia så sitt eige band, Still Waters, i 1987. Frå seint i 1980-åra spelte han mykje i storband, som Berlin Contemporary Jazz Orchestra (1989–93), London Jazz Composers Orchestra (1989-96), Kenny Wheeler si gruppe (1990), The Dedication Orchestra (1994), London Jazz Orchestra (1994), George Russell's Living Time Orchestra og Creative Jazz Orchestra (1996) og i nyare tid i Jazzmoss.[2]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Med Elf

Med Jack Bruce

Med Collective Consciousness Society

Med Graham Collier

Med Bryan Ferry

Med the Keef Hartley Band

Med Murray Head

Med Glenn Hughes

Med John Mayall

Med Elton John

Med Van Morrison

Med Pretenders

Med Slapp Happy

Med John Surman

Med Talk Talk

Med Richard og Linda Thompson

Med Loudon Wainwright III

Med Hawkwind

  1. «Celebrating a Landmark Birthday in Jazz Style; Henry Lowther Is Marking His 60th Birthday in Birmingham». Highbeam.com. Arkivert frå originalen 12. juni 2018. Henta 12. juni 2018. 
  2. «What's On: Music, Film, & Things To Do in Birmingham». Birmingham Post. Arkivert frå originalen 13. mars 2012. Henta 12. juni 2018.