Henry Rinnan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Henry Oliver Rinnan)
Henry Rinnan

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mai 1915
Levanger kommune
Død

1. februar 1947 (31 år)
Trondheim

Yrke krigsforbrytar
Språk norsk
Medlem av Rinnanbanden
Henry Rinnan på Commons

Henry Oliver Rinnan (14. mai 19151. februar 1947) var ein norsk krigsforbrytar frå den andre verdskrigen.[1]

Rekonstruksjon av «Bandeklosteret» til Henry Rinnan

Rinnan var eldste son av ein skomakar frå Levanger. Under den andre verdskrigen bygde Rinnan opp eit nært samarbeid med den tyske okkupasjonsmakta. I Trondheim bygde han opp gruppa Sonderabteilung Lola, i tett samarbeid med det tyske tryggingspolitiet Gestapo i Trondheim. Gruppa skulle koma i kontakt og om mogleg verta ein del av den norske motstandsrørsla. Slik kunne dei avsløra kven som var med i heimefronten, og gje melding om det til tyskarane. Ein reknar med at fleire hundre vart torturert, og meir enn 80 menneske vart drepne.

Etter kvart fekk gruppa til Rinnan namnet Rinnanbanden. I det norske landssvikoppgjeret etter krigen vart Rinnan og elleve andre frå Rinnanbanden dømde til døden.[1] Rinnan vart dømt for 13 drap.[1] Henry Rinnan, Bjarne Jenshus, Aksel Mære, Harry Rønning, Harry Hofstad, Olaus Hamrun, Per Bergeen, Kristian Randal, Harald Grøtte og Hans Egeberg vart avretta ved skyting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Skodvin, Magne (6. november 2018). «Henry Rinnan». Store norske leksikon (på norsk).