Hepburn i Northumberland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hepburn
busetnad
Hepburn - geograph.org.uk - 500026.jpg
Land Flag of England.svg England
Fylke Northumberland
Kommune Tillside Parish

Hepburn i Northumberland
55°30′51″ N 1°53′55″ W
Wikimedia Commons: Hepburn, Northumberland

Hepburn er ei lite bygd og eit tidlegare sokn (civil parish) i Northumberland i England. Soknet blei slått saman med Chillingham i 1935.[1] Chillingham blei del av nylaga Tillside Parish i 2003.[2]

Hepburn ligg 5 mile (8,0 km) søraust for Wooler. I A Topographical Dictionary of England av Samuel Lewis frå 1848 blei staden oppgjeven å ha 108 innbyggjarar.[3] I Imperial Gazetteer of England and Wales av John Marius Wilson frå 1870-72 blei Hepburn eller Hebburn sagt å ha 19 hus og 77 innbyggjarar.[4] I 1951 hadde han 43 innbyggjarar.[5]

Hepburn Wood er ein skog i nærleiken, med Hepburn Crags som husar ei gammal bygdeborg.[6]

Hepburn Bastle er dei verna ruinane av eit befesta gardshus på staden.[7] Bygningen er omtalt frå 1500-talet. Han blei fråflytta på 1700-talet.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Relationships and changes Hepburn Tn/CP through time». Vision of Britain. Henta 1. februar 2018. 
  2. «Tillside Civil Parish | Co-Curate», co-curate.ncl.ac.uk, henta 10. februar 2022 
  3. «Hepburn, Northumberland | Co-Curate», co-curate.ncl.ac.uk, henta 10. februar 2022 
  4. History of Hepburn, in Berwick upon Tweed and Northumberland. Map and description, A Vision of Britain through Time, GB Historical GIS / University of Portsmouth, henta 9. februar 2022 
  5. «Population Statistics Naughton CP/AP through time». Vision of Britain. Henta 1. februar 2018. 
  6. «Walking at Hepburn Wood», Forestry England (på engelsk), henta 10. februar 2022 
  7. «Hepburn Bastle», castle-finders.co.uk, henta 10. februar 2022 
  8. «Hepburn Bastle, Chillingham (The Gatehouse Record)», www.gatehouse-gazetteer.info, henta 10. februar 2022