Heptarkiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heptarkiet framstilt i A literary & historical atlas of Europe (1914)

Heptarkiet (frå gresk hepta (επτα), 'sju' og arkho (αρχη), 'å herska')[1] er eit omgrep innan engelsk historie om tida då dagens England var delt inn i sju angelsaksiske kongerike. Perioden byrja etter at angelsaksarane hadde tatt kontroll over området og fram til dei norrøne vikingane byrja ei maktovertaking. Perioden fann stad i tidleg mellomalder frå rundt 500 til rundt 850.

«Heptarkiet» viser til dei sju kongedøma ein tradisjonelt har talt med blant dei angelsaksiske rika som tidleg på 900-talet blei til nasjonen England. Desse er Northumbria, Mercia, East Anglia, Essex, Kent, Sussex og Wessex.[2] Desse rika var til tider samla under ein bretwalda, ein konge som fungerte som overherre over alle rika. Bretwaldaen si reelle makt utanfor sitt eige kongedøme var likevel svært avgrensa, og det var ikkje ein tittel som blei formelt tildelt eller gjekk i arv, men meir ein heider som viste til at ein konge var dominerande, særleg i militær forstand. Alle kongerika blei til sist samla i kongeriket England.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei omtrentleg plassering av folkeslag i Storbritannia omkring år 600
Dei fremste angelsaksiske kongerika.

Nemninga har vore i allmenn bruk sidan 1500-talet, men den opphavlege ideen om at det var sju angelsaksiske kongerike er tilskriven den engelske historikaren Henry av Huntingdon på 1100-talet og blei først nytta i verket hans Historia Anglorum.[4]

Sjølv om omgrepet framleis er i ein viss bruk, har nyare forsking vist at det omfattar ei sanning med modifikasjonar. Nemninga heptarkiet slår fast at det eksisterte sju kongerike, men talet var vekslande då kongane tevla om overmakt i ulike tider innanfor den konvensjonelle perioden.[5] Dels har ein forstått at nokre av rika hadde ein betydeleg lågare status enn dei andre; dette gjeld særleg Essex og Sussex. På slutten av 500-talet var kongen av Kent ein dominerande herre i sør; på 600-talet var herskarane i Northumbria og Wessex mektige; på 700-talet hadde Mercia oppnådd overherredøme over andre overlevande kongerika, særleg hadde Offa av Mercia ein framherskande posisjon.

Samtidig har ein òg sett at det var kongedøme utanom dei sju som spelte ei betydeleg rolle, slik som Lindsey, Hwicce, Magonsaete, Wihtware (folket på Isle of Wight,[6] Middle Anglia,[7] Hæstingas og Gewisse (forløpar for Wessex). Sjølv så seint som under styra til Edwy og Edgar (955–975), er det mogleg å snakka om skilde kongerike innanfor den angelsaksiske befolkninga. England blei først samla som eit rike etter at Eirik Blodøks blei kasta som konge av Northumbria. Æthelstan var den første kongen av heile England.[8]

I dag blir omgrepet brukt først og fremst som eit enkelt namn til å brka om ein periode i engelsk historie, utan at ein legg noka vekt på om det rommar talet sju eller fleire kongedøme.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «heptarchy (n.)», Online Etymology Dictionary
  2. «The Anglo-Saxon Tribal Kingdoms - The Heptarchy», The English Monarchs
  3. Sewell, Robert: «The Seven Kingdoms of the Heptarchy»
  4. Henry av Huntingdon, redigert av Diana E. Greenway (1996): Historia Anglorum: The History of the English People, Clarendon Press, s. 17
  5. Cantor, Norman F. (1993): The Civilization of the Middle Ages, s. 163f.
  6. «Wiht-ware», Old English Wordhord
  7. «Middil Engle (Middle Angles)», The History Files
  8. Starkey, David (2004). The Monarchy of England: The beginnings (på engelsk). Chatto and Windus. s. 71. ISBN 9780701176785. Henta 24. august 2018. 
  9. Norman F. Cantor, The Civilization of the Middle Ages1993:163f.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Stenton, F.M. (1971): Anglo-Saxon England, 3. utg., Oxford University Press.
  • Campbell, J. et al. (1991): The Anglo-Saxons, Harmondsworth: Penguin

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]