Herøy gamle prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°18′18″N 5°43′34″E

Foto: Jan-Tore Egge

Herøy gamle prestegard, iblant kalla Raft(e)nes eller Stokksund (gnr. 58[1]), ligg nordvest for Indre Herøy kyrkje, nord på Gurskøya i Herøy kommune i Møre og Romsdal.

Hovudbygningen — eit laftebygg med liggjande panel og saltak — vart oppført i 1823 og påbygd i 1882 så han fekk dagens utsjånad. Presten fekk ny bustad i 1972, og den gamle prestegardsbygningen forfall. Presten, som budde i den nye prestebustaden, kjøpte den gamle prestegarden og pussa han opp på fritida. Arbeidet vart belønna med Godt vern-prisen for 2004.[2]

Prestegardsbygningen er freda, og fredinga omfattar òg ei bryggje frå 1843. Fredinga av driftsbygningen vart oppheva i 1993.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gardsnamn på Søre Sunnmøre (NTNU.no)
  2. Godt vern-prisen på Sunnmøre (Digitalt foralt, i Digitalt museum)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]