Herøyspelet Kongens Ring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herøy amfi
Herøyspelet 05.Juli 2008
Ragnar, Unn og Inga
Kong Olav Haraldsson
Karl Mørske, Unn og Ingolv Ynda

Herøyspelet Kongens Ring er eit historisk spel og musikal, som utspelar seg på øya Herøy i Herøy kommune på Sunnmøre.

Herøyspelet vart fyrste gong sett opp i 1992 etter eit manus av Rolf Losnegård og musikk av Svein Møller. Gerald Pettersen har heilt sidan starten vore regissør, men fekk i 2005 for første gong med seg ein assistent, Katrine Dale. Heilt sidan starten har òg kjende, norske skodespelarar hatt roller i Herøyspelet, mellom andre Helge Jordal, Karoline Krüger, Agnes Kittelsen, Gard Skagestad, Heidi Ruud Ellingsen, Hedvig Garshol, Anette Hoff, Nils Ole Oftebro og Bjørn Wilberg Andersen.

Manuset[endre | endre wikiteksten]

Manus er laust basert på teksten i kapittel 142 i Heimskringla, soga om Olav den Heilage. Der står det at kongen var innom Herøyane, det som ein i dag kallar Herøyholmane, og utfordra dei i gjestebodet om å reise til Færøyane for å krevje inn skatt. Den som meldte seg var til slutt Karl Mørske eller Møre-Karl, ein av dei som i utgangspunktet var imot det kongen stod for. Rundt denne soga, er det bygd opp ei dramatisk historie der nære og personlege problemstillingar er sentrale, og då særskilt rundt Unn den fagre. Kristninga av Noreg og den heidenske kulturen fungerer som eit bakteppe for hendingane.

Aktørar[endre | endre wikiteksten]

Roller[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ørstingar kjempar om Herøy i «Kongens Ring» | Herøyspelet», heroyspelet.no, henta 28. februar 2024 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 «Hovudroller | Herøyspelet», heroyspelet.no, henta 28. februar 2024 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]