Her kommer Julius
Her kommer Julius Song av Terje Formoe | ||
Utgjeve | 19. mai 1983 | |
Lengd | 2.42 | |
Selskap | Terje Formoe Records | |
Tekstforfattar | Terje Formoe | |
Låtskrivar(ar) | Terje Formoe |
---|
«Her kommer Julius», også kjend som Juliussangen, er ein norsk barnesong skriven og komponert av Terje Formoe. Songen vart framført for første gong i Kristiansand Dyrepark den 19. mai 1983.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Formoe tok kontakt med dåverande direktør i Kristiansand Dyrepark, Edvard Moseid, om å lage ein kassett med tema rundt dyra i dyreparken. Dette fekk han avslag på, men Moseid sa at han kunne skrive ein song om sjimpansen Julius. I løpet av to timar laga Formoe ferdig både tekst og melodi, og innspelinga vart ferdig i akkurat tide til å kome i fjerde og siste episode av NRK-serien om Julius. Songen vart urframført av Formoe i Kjuttaviga amfiteater den 19. mai 1983.[1]
Songen om Julius vart ein slager, og gjekk sin sigersgang i radioprogrammet Norsktoppen på NRK Radio.[2] Seinare same året vart songen utgjeven på Formoe-albumet Livet er toppen!
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Juliussangen». Kristiansand Dyrepark. Henta 1. juli 2020.
- ↑ «Julius-sangen er 30 år». NRK. 16. mai 2013. Henta 1. juli 2020.