Heraldøya

Koordinatar: 71°23′N 175°40′W / 71.383°N 175.667°W / 71.383; -175.667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heraldøya
øy
Land  Russland
Areal 11,3 km²
Folketal 0
Kart
Heraldøya
71°23′00″N 175°40′00″W / 71.383333333333°N 175.66666666667°W / 71.383333333333; -175.66666666667
Wikimedia Commons: Herald Island

Heraldøya eller Geraldøya (russisk Остров Геральд, Ostrov Gerald) er ei lita isolert øy i Tsjuktsjarhavet i Russland, 60 km aust for Wrangeløya. Geologisk består ho av granitt og gneis og har bratte klipper langs kysten, som gjer at det er vanskeleg å gå i land på øya, både med skip og fly. Berre i nordvest er det noko lågare kyst der klippene har rast saman til steinrøyser. Ho har eit areal på 10 km² og det høgaste punktet er 372 meter over havet. Øya er isfri og ikkje busett.

Heraldøya høyrer til Tsjukotka autonome okrug i Russland. I lag med Wrangeløya høyrer ho til Wrangeløya nasjonalpark, som vart oppretta i 1976. Kapp Dmitrijeva på Heraldøya er det austlegaste punktet i naturreservatet.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fleire land har delteke i oppdaginga av utforskinga av Heraldøya. Øya vart oppdaga i 1849 av Sir Henry Kellett, kaptein på kartleggingsskipet HMS «Herald», som leita etter den bortkomne ekspedisjonen til Sir John Franklin. Kellett gjekk i land på Heraldøya og kalla ho opp etter skipet sitt. Han såg òg Wrangeløya i det fjerne.

Heraldøya vart neste gong vitja i 1855 av USS «Vincennes» under løytnant John Rodgers. Han prøvde å nå Wrangeløya, men havet var for fylt med is til at han kom vidare. Den mislukka ekspedisjonen til George W. DeLong hamna i isen nær Heraldøya i 1879 med håp om å nå Wrangeløya og finne ope farvatn nær Nordpolen. Dei gjekk ikkje i land og skipet vart veranda fanga i isen til det til slutt vart knust.

Ein har ikkje registrert nokon som overvintra på Heraldøya, men fire medlemmer av den mislukka Karlukekspedisjonen under kaptein Robert Bartlett og ekspedisjonsleiar Vilhjalmur Stefansson nådde Heraldøya i januar 1914 etter at skipet deira vart knust av isen og sokk nær øya. Desse fire var Sandy Anderson, Charles Barker, John Brady og Edmund L. Golightly. Dei døydde her utan å etterlate seg noko dokument. Leivningane deira vart funne i 1924 av kaptein Louis Lane sin ekspedisjon MS «Herman». Dødsårsaka deira er framleis eit mysterium fordi det vart funne nok mat og ammunisjon på staden der dei vart funne.

I 1916 gav den russiske ambassadøren i London ut eit offisielt notat der Russland kravde Heraldøya og ei rekkje andre arktiske øyar. Dette kravet vart opprettheldt av Sovjetunionen. I 1926 kom den sovjetiske isbrytaren «Stvaropol» under G.A. Usjakov til Heraldøya, men kom ikkje heilt bort til øya på grunn av havisen. Isbrytaren «Krasin» gjorde fleire forsøk på å nå Heraldøya i 1953 på veg til Wrangeløya, men vart hindra av tjukk tåke. Mannskap klarte derimot å gå i land på tilbaketuren og øya vart fullstendig kartlagd.

Enkelte amerikanarar hevdar framleis amerikansk eigarskap av Heraldøya basert på ekspedisjonen som oppdaga øya og gjekk i land her i 1855. Ein resolusjon frå senatet i Alaska i 1988 støtta dette kravet.[2]. Den amerikanske regjeringa har derimot aldri gjort krav på øya og anerkjenner ho som russisk landområde. I 1994 avgjorde høgsteretten i Alaska at Heraldøya og fleire andre øyar ikkje var ein del av Alaska.[3]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet er hardt og det meste av året er området dekt av den iskalde polarlufta med lite fukt. Om sommaren bles den varemare og fuktigare stillehavslufta frå søraust. I periodar bles tørr og kraftig oppvarma luftmassar frå Sibir.

Øya har midnattssol frå midten av mai til 20. juli. Mørketida varer frå midten av november til slutten av januar.

Vintrane er lange og prega av islagd hav og kraftige nordlege vindar. Middeltemperaturen i januar er -21,3 °C og dei kaldaste månadane er februar og mars. I denne perioden kan temperaturen halde seg under -30 °C i vekevis med mange snøstormar og vindstyrkar på over 40 m/s. Sommaren er kjølig med periodar med frost og snøfall. Middeltemperaturen i juli er 2 til 2,5 °C. Den relative fukta er rundt 88 % og den årlege nedbørsnormalen er rundt 120 mm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

71°23′N 175°40′W / 71.383°N 175.667°W / 71.383; -175.667