Herand
Hopp til navigering
Hopp til søk
Denne geografiartikkelen som har med Hordaland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Herand | |||
stad | |||
Utsyn over Herand frå fylkesveg 550
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Jondal | ||
Postnummer | 5628 HERAND | ||
Preposisjon | i Herand | ||
Wikimedia Commons: Herand | |||
Herand er ei bygd i Jondal kommune i ytre Hardanger. Staden ligg sørom Samlen på Folgefonnhalvøya, på austsida av Ytre Samlafjorden. Herand ligg ved ei vik, innom Herandsholmane, og har gode hamneforhald, noko som gjorde staden til eit samferdselsknutepunkt i tida då fjorden var viktigaste ferdselsåra. På Herandsholmen var det tidlegare handelsstad og gjestgjevarstad. På Bakko er det eit hellerissingsfelt frå yngre bronsealder.
Frå Herand er det om lag 13 km å køyre til kommunesenteret Jondal. Sommarstid er det i tillegg hurtigbåtsamband mellom Herand og Norheimsund, Eidfjord, Lofthus, Utne, Kinsarvik og Ulvik.
Herand har fostra ei av programleiarane for NRK, Øyvor Bakke.
Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Herand sett frå Norheimsund
