Herbert Chimhundu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Herbert Chimhundu
Fødd14. mars 1951
Yrkespråkforskar

Herbert Chimhundu (fødd 14. mars 1951) er ein zimbabwisk morsmålslingvist og leksikograf, professor ved University of Zimbabwe i Harare.

Herbert Chimhundu tok doktorgraden i 1983 ved University of Zimbabwe i ein breitt anlagt lånordstudie som granska tilpassinga av engelske importord i shona, som er fleirtalsspråket i Zimbabwe. Frå 1991 til 2006 var han den zimbabwiske akademiske koordinatoren for ALLEX-prosjektet, som hadde som føremål å få fram ordbøker og andre språkverkty for dei afrikanske språka i Zimbabwe. Frå 2000 til 2008 var han direktør for African Languages Research Institute ved University of Zimbabwe. Frå februar 2008 har han vore Pro Vice Chancellor ved Great Zimbabwe University i Masvingo.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

  • Adoption and adaptation in Shona (1983) Faksimileutgåve 2002 i Unipub skriftserier, Oslo.
  • Duramazvi ReChiShona (1996 - hovudredaktør) College Press Publishers, Harare.
  • Duramazvi Guru ReChiShona (2001 - hovudredaktør) College Press Publishers, Harare.
    Spire Denne språkartikkelen som har med Zimbabwe å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.