Hopp til innhald

Herbjørn Sørebø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herbjørn Sørebø

Foto: Anders Larsen.
StatsborgarskapNoreg
Fødd25. april 1933
Fjaler kommune
Død

29. mars 2003 (69 år)
Lørenskog

YrkeJournalist, forfattar, kåsør
SjangerFaglitteratur, biografiar, romanar, dikt
PrisarKongens fortenestmedalje i gull, Heidersprisen Aasmund Olavson Vinje
DebutMinuttdemokratiet (1970)

Herbjørn Sørebø (25. april 193329. mars 2003) var ein politisk journalist, kåsør og kommentator frå Guddal i Fjaler i Sunnfjord.

Sørebø var ei stund redaksjonssekretær i Norsk Barneblad før han byrja i avisa Vårt Land. Sørebø byrja i NRK i 1964. I NRK var han mellom anna sjef for Dagsrevyen. Han var òg spaltist i Dag og Tid og fast kåsør i Søndagsrevyen. Han skreiv ei rekkje bøker, både essayistikk, humorbøker, kriminalromanar, noveller og kåseri, var medforfattar av tegneserien Truls og Guri i Norsk Barneblad og skreiv songtekstar.

Han nytta konsekvent nynorsk normaltalemål i arbeidet. Han var kjend for den karakteristiske røysta, som han elles arbeidde med etter at han vart kritisert då han tok til å lese nyhende i radio. Mottok Kringkastingsprisen i 1982 for nynorskbruk i media, og Vinjeprisen i 1987 for sin journalistiske innsats.

Sørebø fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2003 nokre dagar før han døydde.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1971 Slik sprakk koalisjonen : Stormen om statsminister Per Borten (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1972 Ei natt i september : med Trygve Bratteli gjennom EF-natta (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1980 Fred og trygghet, brød og frihet : festskrift til Trygve Bratteli på 70-årsdagen (Oslo: Tiden) I fulltekst ved nb.no  [Redaktør: Herbjørn Sørebø]
  • 1982 Norske smil (Oslo: Samlaget)
  • 1986 Straffespark i lusekofte : fjernsynte ord gjennom ein vinter (Oslo: Cappelen) I fulltekst ved nb.no
  • 1993 Store norske smil : humoristiske høgdepunkt 1982-1992 (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1998 Den som går i genser får ikkje slipset i sausen : aforismar (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1999 Den som er høg i hatten bør ikkje bli i vinden : aforismar (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 2001 Jens R. (Oslo: Samlaget)
  • 2003 Medieliv (Oslo: Samlaget)

I tidsskrift - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]