Hercule Poirot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hercule Poirot-forteljing i The American Magazine frå 1933.

Hercule Poirot er ein vidkjend detektivfigur dikta opp av Agatha Christie. Han er den personen Christie skreiv flest historier om, og har opptredd i filmar, fjernsynsseriar og høyrespel. Christie skreiv 33 romanar og 51 noveller om Poirot i tidsrommet 1920 til 1975, med handlinga lagt til den same tida. Forteljingane om han er òg blitt dramatiserte ei rekkje gonger.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Florin Court opptrer som Whitehaven Mansions i fjernsynsserien Agatha Christie's Poirot. Detektiven liker seg her på grunn av symmetrien.

Hercule Poirot er skildra som ein kortvaksen, nett mann med eggforma hovud, svart hår og ein sirleg bart. Han har nokre svært utanlandske manerar, som manerar, matvanar, klesdrakt og tydeleg aksent og bruk av franske ord i talen. Han går ikkje av vegen for å framstå som meir framand enn han er for å få folk til å undervurdera han. På same måte kan han framstå som ein pompøs sjarlatan for å narra folk, men det er vanskeleg å slå fast kor mykje av dette som er spel, ettersom han kan framstå som sjølvoppteken og arrogant også i samspel med venen kaptein Hastings.[1] I høve til uskuldige yngre kvinner kan han derimot verka som ein trygg farsfigur dei kan tru seg til.

Hercule Poirot er svært oppteken av orden og metode, mønster og symmetri, og legg dermed lett merke til kva som ikkje passar inn i mønsteret. Til forskjell frå etterforskarar i Sherlock Holmes-tradisjonen som leiter etter handfaste spor etter korleis eit brotsverk blei utført, konsentrerer Poirot seg om å ta for seg dei som er knytt til brotsverket og finna fram til kva som eigentleg har skjedd gjennom psykologisk innsikt. Han hevder at han gjer det meste av detektivarbeidet sitt med «dei små grå cellene» sine.[2][3]

Poirot endrar seg lite i løpet av dei mange bøkene han opptrer i, men han blir eldre og mindre vidgjeten. Han møter gjerne også kriminelle som har pønska ut innvikla planar for å lura etterforskarar, ved nokre høve Poirot personleg.[2]

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Gjennom Poirot gjev Christie vage hint om livet hans. Ettersom Poirot ofte lyg for å få innpass ein stad han ønskjer å etterforska, er ikkje alt han fortel om seg sjølv, nødvendigvis til å stola på.

Poirot er fransktalande belgisk katolikk og skal ha kome frå Spa i Belgia. Poirot var politimann, mellom anna i Brussel,[1] og skal ha løyst fleire større saker og fått stort ry.[4] Under første verdskrigen flykta han til England og slo seg ned der. Han arbeidde som privat etterforskar og hjelpte politiet ved ei rekkje høve.

I mellomkrigstida reiste han rundt i Europa og Midtausten og løyste ei rekkje krimgåter han støytte på der. Etter ei tid trekte han seg tilbake som etterforskar for å dyrka graskar og studera krimlitteratur og uløyste krimgåter, men blei ved fleire seinare høve lurt ut av pensjonisttilveret av særskild spanande saker.

Poirot løyste færre saker etter andre verdskrigen, og opplevde seg som gammal i høve til det britiske etterkrigssamfunnet. Den siste boka om han, der han døyr, kom ut i 1975. Då Agatha Christie skreiv den første boka om han i 1916, såg ho allereie for seg ein eldre mann, slik at ettersom han lever til 1970-talet må han ha blitt eldgammal. Om ein derimot reknar med at han kom til Storbritannia som nokså ung, vil livsløpet hans vera noko meir truverdig.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Damplokomotiv forlét Churston stasjon i Devon, som opptrer både i Poirot-bøker og filmar.
Foto: John Firth

Hercule Poirot løyser krimgåter i britiske over- og middelklassemiljø, hovudsakleg i London og på den engelske landsbygda. Krimgåta har gjerne samanheng med eit større hushald, som ein herregard, med eit avgrensa tal deltakarar. Det finst ofte tenarar som kan opptre som vitne eller hjelparar, sjeldan som gjerningsmenn, sjølv om dei kan ha tilknyting til gåta.

Poirot arbeider også blant britar (og andre nasjonalitetar) i utlandet, til dømes ombord på Orientekspressen, på den franske Rivieraen, blant arkeologar i Irak og turistar i Egypt.

Bifigurar[endre | endre wikiteksten]

Poirot har ingen familie i bøkene, og få vener. Men kaptein Arthur Hastings er ein ven og beundrar av Poirot. Han fører fleire av forteljingane om Poirot i pennen. Han forsvinn etterkvart ut av soga, men dukkar opp att i den siste boka om Poirot. Dette er forklart med at han gifter seg og utvandrar.

Sjefsinspektør Japp er ein høgrøysta, nokså sjølvgod politimann som opphavleg har lite til overs for Poirot, men som seinare får stor respekt for han og sender interessante saker hans veg.

Som privatetterforskar tilset Poirot ein sekretær, Miss Felicity Lemon, med same sans for orden som han sjølv. Ho er skildra som ikkje særleg tiltrekkjande, men særs effektiv. I nokre forteljingar har han òg ein kammertenar, George, som frå tid til annan får tak i nyttig informasjon for han.

Krimforfattaren Ariadne Oliver, tydeleg delvis basert på Christie sjølv, er ein ven av Poirot som tidvis kjem saman med han for å løysa saker. Oliver er svært ulik Poirot – ho utmerkar seg til dømes gjennom stadig å skifta frisyre og verkar noko rotete – men bryr seg om han, som i Third Girl, der han kjenner seg gammal.

Som mange andre detektivar i tidleg kriminalitteratur er Poirot ugift. Han er likevel fasinert av den mystiske grevinna Vera Rossakoff, som opptrer i novellene «The Double Clue» og «The Capture of Cerberus» og romanen The Big Four.

Inspirasjon og likskapar med andre detektivheltar[endre | endre wikiteksten]

Hercule Poirot skal ha blitt inspirert av ein fransk detektiv, Joseph Rouletabille, i Le mystère de la chambre jaune av Gaston Leroux. Den franske detektiven Hercule Popeau i verk av Marie Belloc Lowndes kan ha inspirert både namn og handling.[2] Namnet kan også ha vore inspirert av «Monsieur Poiret», ein pensjonert fransk politimann busett i London i noveller av Frank Howel Evans.[5] Men Christie fann også inspirasjon frå sine eigne møte med belgiske flyktningar i heimbyen Torquay, og detektiven hennar skilde seg frå mange samtidige britiske krimheltar, som Lord Peter Wimsey, gjennom å ikkje vera nokon aristokrat.[6]

Sjølve strukturen i forteljingane blei i førstninga bygd mykje på forteljingane om Sherlock Holmes. Som Holmes har Poirot ein imponert følgjesven, Kaptein Hastings. Denne er, som doktor Watson, krigsinvalid, særs imponert av etterforskarvenen, og ofte den som stiller dumme spørsmål slik at etterforskaren kan forklara. Men etterkvart forsvinn Hastings, og i nokre bøker opptrer tilmed Poirot sjølv ganske periferert i handlinga.[6]

Christie bygde fleire av Poirot-bøkene sine opp rundt eit tema, som barnerim,[7] myter[8] eller særskilde hendingar, som høgtider eller reiser.

Viktige bøker[endre | endre wikiteksten]

Forteljingane om Poirot opnar med The Mysterious Affair at Styles (1920), der han bur med fleire belgiske flyktningar i eit hus tilknytt herskapshuset Styles Court, og snart løyser ei mordgåte som oppstår der. Poirot vender tilbake til denne staden i si siste sak.

Hercule Poirot blei vidgjeten gjennom romanen The Murder of Roger Ackroyd (1926, norsk Doktoren mister en pasient), som vekte sensasjon og kontrovers gjennom sin uventa gjerningsmann. Boka er ei av Christie sine mest roste. Andre særleg omtykte bøker kom ut mellom 1932 og 1942, mellom anna klassikarar som Murder on the Orient Express, The ABC Murders (1935), Cards on the Table (1936) og Death on the Nile (1937). I Five Little Pigs (1942) tek Poirot for seg eit mord som hende seksten år tidlegare, og analyserer det heile gjennom å høyra fleire ulike gjenforteljingar av kva som skjedde.

Dramatiseringar[endre | endre wikiteksten]

Ein Citroën C6 frå 1930. Denne bilen blei brukt i innspelingar av Agatha Christie's Poirot.

Forteljingane om Poirot er blitt dramatiserte for radio, fjernsyn, film og scenen. Skodespelarar som John Moffatt, Albert Finney, Peter Ustinov, Ian Holm, Tony Randall, Alfred Molina og David Suchet har spelt Poirot.

David Suchet har spelt detektiven i fjernsynsserien Agatha Christie's Poirot sidan 1989 og fram til i dag. I denne serien opptrer mange av bikarakterane i utvida rollar. Hugh Fraser speler kaptein Hastings (1989–2002), Philip Jackson inspektør Japp (1989–2002), Pauline Moran miss Lemon (1989–2002), Zoë Wanamaker Ariadne Oliver (frå 2005) og David Yelland George (frå 2006).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Agatha Christie (1974), «Chocolate Box», Poirot's Early Cases 
  2. 2,0 2,1 2,2 Patricia D. Maida, Nicholas B. Spornick, Murder she wrote: a study of Agatha Christie's detective fiction  
  3. Agatha Christie (1974), «The King of Clubs», Poirot's Early Cases 
  4. Agatha Christie (1920), The Mysterious Affair at Styles 
  5. François Rivière, Jean-Bernard Naudin, In the footsteps of Agatha Christie, Trafalgar Square Pub.year= 1997, s. 45 
  6. 6,0 6,1 P.D. James (27 Aug 2006), «The strange case of Hercule Poirot», The Telegraph 
  7. Peter Lennon (Thursday 24 May 1990), «Getting away with murder», The Guardian 
  8. The Labours of Hercules speler på førenamnet til Poirot og byggjer på sogene om Herakles.