Herdalssetra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Herdalssetra

Herdalssetra er ei setergrend som ligg i Herdalen i Norddal kommune i Møre og Romsdal. Setra er ei av dei største fellessetrane for geit i Noreg, og har eit bygningsmiljø med over 30 gamle seterhus i klynge. Her blir det ysta brun og kvit geitost og laga karamellar av geitemjølk.[1]

Gjester kan delta på kurs, oppleve setermuseet og få servert seterkost. I ei kaffistove i eit ombygd fjøs blir det servert rømmegraut, spekemat og kjekjøt. Det er tilbod om overnatting i eit gamalt sel, eller i telt utanfor støla. Det er mogeleg å gå turar frå setra innover mot Tafjordfjella eller over mot Geiranger.[2]

Herdalssetra fekk i juli 2005 verdsarvstatus som del av vestnorsk fjordlandskap.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Herdalssetra». olavsrosa.no. Henta 6. september 2013. 
  2. «Topp 10 - Herdalssetra». visitalesund-geiranger.com. Henta 6. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]