Herdla kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herdla kyrkje
kyrkje
Foto: Odd Roar Aalborg
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Askøy
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Vesthordland
Sokn Herdla
Fellesråd Askøy
Type langkyrkje
Material mur
Innvigd 1863
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 600
Kart
Herdla kyrkje
60°34′06″N 4°56′58″E / 60.56833333°N 4.94944444°E / 60.56833333; 4.94944444
Wikimedia Commons: Herdla kyrkje

Herdla kyrkje er ei kyrkje som ligg på øya Herdla i Askøy kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eit brev frå pave Eugenius III i 1146 nemner St. Nikolaus- kyrkja på Herdla.[1] Kyrkja var vigd til helgena St. Nikolaus av Myra, han som verna sjømennene.[2] Det latinske namnet på kyrkja var «Ecclesiam sancti Nicholai de Hardla». Kyrkja hadde likskapar med kyrkjene på Moster og øya Kinn, steinkyrkjer utan tårn.

Kyrkja høyrde inn under Munkeliv kloster i Bergen.[3] Klosteret vart grunnlagt av kong Øystein I Magnusson kring 1110. Kyrkja kan skriva seg frå denne tida. Kring 1190 var kyrkja under Kristkyrkja i Bergen, og i 1308 var Herdla kyrkje eitt av dei 14 kongelege kapella under Kristkyrkja i Bergen.

Kyrkja i 2006, før tårnet vart gjort om på.
Foto: J. P. Fagerback
Inngangspartiet

Herdla kyrkje var frå starten av ei steinkyrkje i enkel romansk stil, men ho vart seinare bygd om i gotisk stil med spissbogar.

Etter stormskade vart kyrkja riven i 1861, og ei større kyrkje vart reist i 1863.[4] Denne kyrkja brann i 1934. Etter atterreisinga vart kyrkja kalla «Øygardskatedralen». Kyrkja var kyrkje for det meste av gamle Herdla herad. Heradet omfatta mellom anna delar av noverande Øygarden, Askøy og Meland kommunar. I desse kommunane kjenner mange folk nær tilknyting til Herdla kyrkje.

Under den andre verdskrigen fekk kyrkja store skadar.[5] Tyskarane sprengde tårnet og nytta kyrkja til ammunisjonslager og hestestall. Under golvet vart det grave nedgang til eit tunnelanlegg som gjekk tvers over øya. Mellom anna under store delar av gravplassen. I okkupasjonstida var det flyplass på Herdla. Tyskarane var redde for at kyrkjetårnet kunne fungera som landemerke for bombefly som kom frå Storbritannia.[6]

Ei ny kyrkje stod ferdig i 1951 og vart vigsla av biskop Ragnvald Indrebø 1. april.[7] Kyrkja fekk eit lågare tårn enn før, på grunn av planar om å gjera Herdla til hovudflyplass for Bergen. I staden vart Bergen lufthamn, Flesland hovudflyplass frå 1955.

Segn om Herdla kyrkje[endre | endre wikiteksten]

Segn etter Anton Kaarbø frå 1912:

Det var ein gong at ein mann skulde ro fraa Herdla yver Hjeltefjorden og ut til Herdlevær. Daa han kom midt i fjorden, saag han tri kvinnfolk som kom rekande på ein stor planke. Dei ropa til mannen i baaten og sa at dersom han vilde berga dei, so skulde dei setja upp kvar si kyrkja. So tok mannen dei upp i baaten og fekk dei til folk. Desse tri kvendi var systre, og dei sette upp kvar si kyrkja. Og dette var Herdla Moster og Kinn. Alle desse kyrkjone var utan tårn.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jacobsen, 1964, s. 12
  2. Jacobsen, 1964, s. 13
  3. Jacobsen, 1964, s. 15
  4. Jacobsen, 1964, s. 38
  5. Jacobsen, 1964, s. 35-36
  6. Østerbø, Kjell (21. april 2017). «Rester fra tyskere og Toro». Bergens Tidende. 
  7. Jacobsen, 1964, s. 42

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brekke, Nils Georg (red): Kulturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 1993. ISBN 82-7326-026-7
  • Jensen, Gunnar S.: Herdla kyrkje. Kort historikk, Herdla om lag 1995.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]