Here Come the Warm Jets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Here Come the Warm Jets
Studioalbum av Eno
Språk engelsk
Utgjeve Januar 1974[1]
Innspelt september 1973 i Majestic Studios i London
Sjanger Kunstrock, glamrock
Lengd 42:01
Selskap Island
Produsent Brian Eno
Kritikk
Eno-kronologi 
Here Come the Warm Jets Taking Tiger Mountain (By Strategy)
(1974)


Here Come the Warm Jets er debutalbumet til Brian Eno som soloartist. Det var produsert av Eno, og kom ut på Island Records i 1974. Musikkstilen på albumet er ein hybrid av glamrock og kunstrock, liknande musikken på dei tidlegare albuma til Eno med Roxy Music, men med songar som er meir lunefulle og eksperimentelle. Fleire gjesteartistar spelar på albumet, som Robert Fripp frå King Crimson og medlemmar av Roxy Music, Hawkwind, Matching Mole og The Pink Fairies. I utviklinga av teksten og musikken til albumet, nytta Eno uvanlege metodar som å danse for bandmedlemmane sine og få dei til å spele musikk deretter eller synge ord utan meining for seg sjølv som eit danne eit grunnlag for tekstane.

Here Come the Warm Jets nådde 26. plass i Storbritannia og 151. plass i USA, og fekk hovudsakleg god kritikk. Det kom ut på CD i 1990 og igjen i 2004. Kritikar Steve Huey frå Allmusic sa om albumet at «det framleis høyrest spanande ut, framoverretta med mange detaljar, som avslører nye ting kvar gong det vert spelt.»[2]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Here Come the Warm Jets vart spelt inn i løpet av tolv dagar i Majestic Studios i London i september 1973 av lydeteknikar Derek Chandler.[11][12] Det vart miksa i Air og Olympic Studios av Eno og lydteknikar Chris Thomas.[12] Tittelen på albumet vart opphavleg av Eno skildra som eit slanguttrykk for urinering.[13] Men i eit intervju i 1996 forklarte Eno at tittelen kom frå eit notat han hadde skrive for å skildre handsaminga av gitaren på tittelsporet, som han kalla «warm jet guitar...fordi gitaren høyrdest ut som ein stemnd jet.»[14][15]

Eno nytta seksten musikarar på albumet, inkludert John Wetton og Robert Fripp frå King Crimson, Simon King frå Hawkwind, Bill MacCormick frå Matching Mole, Paul Rudolph frå Pink Fairies, Chris Spedding og alle medlemmane frå Roxy Music utanom vokalist Bryan Ferry. Eno valde dei fordi han meinte dei var inkompatible med kvarandre musikalsk sett.[11]

Eno rettleia musikarane ved hjelp av kroppsspråk og dansing, samt verbale forslag, og påverka spelinga deira og lydane dei skapte. Han følte dette var ein god måte å kommunisere med musikarane på på denne tida.[16] Etter innspelinga av kvart individuelle spor, kondenserte Eno dei og miksa instrumenta kraftig, slik at spora ikkje lenger høyrdest ut som det musikarane hadde spelt inn under innspelinga.[16]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Here Come the Warm Jets kom ut i januar 1974.[1] Albumet vart eit av dei bestseljande albuma til Eno og nådde 26. plass i Storbritannia i mars 1974,[17] og 151. plass i USA.[18] Eno planla ein turne med bandet The Winkies men måtte skrinlegge dette då han fekk ei kollapsa lunge.[1] Etter han vart frisk att spelte Eno ein konsert i lag med Nico, Kevin Ayers og John Cale.[1]

I starten fekk albumet stort sett positiv kritikk og særleg eksperimenteringa vart trekt fram.[16] Kritikar Lester Bangs frå Creem skreiv at det var «utruleg»,[16] medan Robert Christgau, òg frå Creem gav det karakteren «A»[6] I 1974 vart Here Come the Warm Jets stemnd fram som eit av dei beste albuma det året i Village Voice sin Pazz & Jop-avstemming av kritikarane.[19] I januar 1980 kåra Trouser Press albumet til eit av dei beste albuma i 1973.[20]

I november 2003 kåra Rolling Stone albumet til det 436. beste albumet gjennom tidene.[21] I 2004 rangerte Pitchfork Media albumet på 24. plass på lista deira over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.[22]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Brian Eno, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Needles in the Camel's Eye» (Eno, Phil Manzanera)3:11
2.«The Paw Paw Negro Blowtorch»3:04
3.«Baby's on Fire»5:19
4.«Cindy Tells Me» (Eno, Manzanera)3:25
5.«Driving Me Backwards»5:12
Side to
Nr.TittelLengd
1.«On Some Faraway Beach»4:36
2.«Blank Frank» (Eno, Robert Fripp)3:37
3.«Dead Finks Don't Talk» (arr. Paul Thompson, Busta Jones, Nick Judd, Eno)4:19
4.«Some of Them Are Old»5:11
5.«Here Come the Warm Jets»4:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Strong, 1998. s.244
  2. 2,0 2,1 Huey, Steve. «Here Come the Warm Jets album review». Allmusic. Henta 9. mai 2008. 
  3. Jones, Chris. «Brian Eno Here Come The Warm Jets, Taking Tiger Mountain (By Strategy), Another Green World, Before And After Science Review». BBC. Henta 12 juni 2009. 
  4. «Top Album Picks». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.) 86 (30): 60. juli 27, 1974. ISSN 0006-2510. Henta 22. april 2011. 
  5. Wolk, Douglas (2004). «Blender: Brian Eno (various reissues)». Blender. Arkivert frå originalen 6. august 2004. Henta 22. april 2011. 
  6. 6,0 6,1 «Robert Christgau: CG: Artist 190». Henta 22. april 2011. 
  7. Jones, Chris. «Pitchfork: Brian Eno: Here Come the Warm Jets / Taking Tiger Mountain (By Strategy) / Another Green World / Before and After Science». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 4. juni 2007. Henta 12 juni 2009. 
  8. Davidson, John (July 29, 2004). «Brian Eno: Here Come the Warm Jets [reissue] - PopMatters Music Review». Popmatters. Henta 22. april 2011. 
  9. «Brian Eno: Here Come The Warm Jets». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 30. desember 2007. Henta 10. mai 2008. 
  10. Weisbard & Marks, 1995. p.128
  11. 11,0 11,1 Tamm, 1995. p.99
  12. 12,0 12,1 Brian Eno. Here Come the Warm Jets. Island Records, 1973.
  13. Tamm, 1995. s.98
  14. Eno, Brian. «Brian Eno, interviewed by Andy Gill in Mojo». Mojo. Henta 22. april 2011. 
  15. Maginnis, Tom. «Here Come the Warm Jets song review». Allmusic. Henta 22. april 2011. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Tamm, 1995, s. 100
  17. Warwick, 2004. p.379
  18. «Here Come the Warm Jets». Allmusic. Henta 22. april 2011. 
  19. «The 1974 Pazz & Jop Critics Poll». Henta 22. april 2011. 
  20. http://www.stat.ualberta.ca/people/schmu/trouserpress.html Trouser Press Best Albums of the 1970s
  21. «#436: Here Come the Warm Jets». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 6. mars 2010. 
  22. «Pitchfork Feature: Top 100 Albums of the 1970s». 23 juni 2004. Arkivert frå originalen 31. mai 2009. Henta 22. april 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]