Here We Are Again av Country Joe and the Fish
Here We Are Again av Country Joe and the Fish Studioalbum av Country Joe and the Fish | ||
Utgjeve | Juli 1969 | |
Innspelt | Januar til mars 1969 | |
Sjanger | Psykedelisk rock, folkrock | |
Lengd | 36:15 | |
Selskap | Vanguard | |
Produsent | Samuel Charters | |
Country Joe and the Fish-kronologi | ||
---|---|---|
Together (1968) |
Here We Are Again av Country Joe and the Fish | CJ Fish (1970)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Billboard | (positiv)[1] |
Rolling Stone | (negativ)[2] |
AllMusic | [3] |
Here We Are Again er det fjerde studioalbumet til det psykedeliske rockebandet Country Joe and the Fish, utgjeve i juli 1969. Det nådde 48. plassen på Billboard 200, og låg 11 veker inne på lista.[4] Berre Country Joe McDonald og Melton var att frå den originale besetninga på dei førre albuma. Dei tidlegare medlemmane var derimot med som gjesteartistar.
Songane vart skrivne av Country Joe McDonald og Barry Melton. I tillegg til «Country Joe» McDonald (vokal, gitar) og Barry «The Fish» Melton (sologitar, vokal), spelte òg dei opphavlege medlemmane Gary «Chicken» Hirsh på trommer og David Bennett Cohen (Hammondorgel, piano og gitar) på plata. Dei andre instrumenta vart spelte av Mark Ryan og President Flyer.[5] For første gongen på albuma deira, nytta dei strykarar og blåsarar på somme av spora, noko som gav dei meir pop-karakter. Songane «I'll Survive» og «Maria» vart spelte inn i Vanguard Studios på 23rd Street i New York. Dei andre vart spelte inn i Pacific High Studios i San Francisco.[6]
Ein singel frå albumet, «Here I Go Again»/«Baby, You're Driving Me Crazy», kom ut, men gjekk ikkje inn på salslistene.[7]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Country Joe McDonald, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Here I Go Again» | 3:24 | |
2. | «Donovan‘s Reef» | 4:18 | |
3. | «It‘s So Nice to Have Love» | 3:25 | |
4. | «Baby, You’re Driving Me Crazy» | Barry Melton | 2:43 |
5. | «Crystal Blues» | 6:18 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «For No Reason» | 3:55 | |
7. | «I’ll Survive» | 2:28 | |
8. | «Maria» | 3:30 | |
9. | «My Girl» | Melton | 2:16 |
10. | «Doctor of Electricity» | Melton | 3:58 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Here We Are Again (Country Joe and the Fish album)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juni 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Album Reviews» (PDF). Billboard: 32. 28. juni 1969.
- ↑ Morthland, John (9. august 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (39): 37.
- ↑ http://www.allmusic.com/artist/here-we-are-again-mw0000121448 Here We Are Again på Allmusic]
- ↑ Whitburn, Joel: Top Pop Albums 1955-1996. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Ltd., 1996, p. 183
- ↑ For full details see Tilch, K.D.: Rock LPs 1955-1970. Bd. 1: A-E. 3. erw. Aufl. Hamburg: Taurus Press, 1990, p. 353
- ↑ «Country Joe McDonald, Here We Are Again». countryjoe.com.
- ↑ cf. Whitburn, Joel: Top Pop Singles 1955-1993. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Ltd., 1994, p. 136