Here We Go Round the Mulberry Bush av Traffic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Here We Go Round the Mulberry Bush
Singel av Traffic
B-side

«Coloured Rain»

Utgjeve November 1967
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 2:18
Selskap Island, United Artists
Låtskrivar(ar) Jim Capaldi, Dave Mason, Steve Winwood, Chris Wood
Produsent Jimmy Miller
Traffic-kronologi 
«Hole in My Shoe»
(1967)
Here We Go Round the Mulberry Bush «No Face, No Name, No Number»
(1968)


«Here We Go Round the Mulberry Bush» er ein song av den engelske rockegruppa Traffic.[1] Han var tittelsporet til filmen Here We Go Round the Mulberry Bush og alle dei fire medlemmane i Traffic syng felles solovokal på songen, medan mellomspelet og delar av refrenget vert sungen av Steve Winwood aleine. Songen vart gjeven ut på singel i ei kortare utgåve, der introen vart fjerna. Då han kom ut seint i 1968 nådde han topp 10 på den britiske singellista.[2] Det vart filma klipp av bandet som spelar ut songen, tinga av The Beatles for dei kanskje skulle bruke det i filmen Magical Mystery Tour, men det vart ikkje nytta i den endelege versjonen.[3] Klippet er i dag som bonusmateriale på DVD/Blue-ray-utgåva av filmen frå 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sommerseth, Jan Inge (10. juli 2001). Discography: Traffic, Steve Winwood Fans' Site.
  2. Traffic UK chart history Arkivert 2011-11-20 ved Wayback Machine., The Official Charts Company. Henta 19. februar 2012.
  3. Magical Mystery Tour 2012 DVD booklet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]