Here We Go av PeR

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Here We Go»
Singel av PeR
Land Latvia
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Ralfs Eilands og Arturas Burke

«Here We Go» er det latviske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på engelsk av PeR. Songen er skriven av Ralds Eilands og Arturas Burke.

Dziesma 2013[endre | endre wikiteksten]

PeR sendte inn «Here We Go» og «Sad Trumpet» til Latvijas Televīzija (LTV) og båe songane vart valt ut til å delta i Dziesma 2013, den latviske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. For å delta i finalen måtte kvart bidrag kvalifisere seg éin av dei to semifinalane. «Sad Trumpet» gjekk til finalen frå den fyrste semifinalen, men enda til slutt på tiandeplass.

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer fire, etter «I Am Who I Am» av Marta Ritova og før «Fool In Love» av Dāvids Kalandija og Dināra. Bidraget enda på tredjeplass med fire poeng, ett poeng frå juryen og tre poeng frå fjernsynssjåarane, og gjekk vidare til finalen.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer tolv, etter «Upside Down» av Sabīne Berezina. Bidraget vann med to poeng, eitt poeng frå juryen og eitt poeng frå fjernsynssjåarane, og gjekk vidare til superfinalen. Der vart songen framførd som nummer to, etter «I Am Who I Am» av Marta Ritova og før «I Need A Hero» av Samanta Tīna. «Here We Go» fekk to poeng, eitt poeng frå juryen og eitt poeng frå fjernsynssjåarane, og vann. Songen vil dimed representere Latvia i Eurovision Song Contest 2013.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«Here We Go»
ESC2013 - Latvia 06.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land Latvia
Artist(ar) Ralfs Eilands og Edmunds Rasmanis
Alias PeR
Språk Engelsk
Komponist(ar) Ralfs Eilands og Arturas Burke
Låtskrivar(ar) Ralfs Eilands
Resultat
Latvia i Eurovision Song Contest
«Beautiful Song»
(2012)
«Here We Go»

Då «Here We Go» vann Dziesma 2013 vart det klårt at songen vil representere Latvia i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Latvia vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Songen vil starte som nummer éin, før San Marino med «Crisalide (Vola)» av Valentina Monetta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Eurovision Song Contest 2013» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 29. mars 2013. 
  • Mal:Latviske songar i Eurovision Song Contest