Hergest Ridge av Mike Oldfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hergest Ridge
Studioalbum av Mike Oldfield
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 28. august 1974
Innspelt Spring 1974
Studio The Manor i Shipton-on-Cherwell i Oxfordshire
Sjanger Progressiv rock
Lengd 40:14
Selskap Virgin
Produsent
Mike Oldfield-kronologi 
Tubular Bells
(1973)
Hergest Ridge The Orchestral Tubular Bells
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
Džuboks(middels)[2]

Hergest Ridge er det andre studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut 28. august 1974 på Virgin Records. Den uventa suksessen til debutalbumet Tubular Bells (1973), både kommersielt og hos kritikarane, påverka Oldfield, som ikkje ønskte å turnere og unngjekk pressa etter han var blitt kjendis. I staden trekte han seg attende til Hergest Ridge på grensa mellom England og Wales og skreiv oppfølgjaren. Denne spelte han inn i 1974 i The Manor i Oxfordshire, med Tom Newman som med-produsent. På same vis som det første albumet til Oldfield, består dette albumet av ein enkel komposisjon delt i to med forskjellige stemningar og musikalske stilar.

Albumet gjekk til topps på UK Albums Chart for tre veker, før det vart skyvd ned av Tubular Bells, og markerte ein av få gonger i historia at ein musikar har erstatta seg sjølv på den britiske albumlista på denne måten. I 2010 vart albumet gjeve ut med ein ny stereo- og 5.1-kringlydmiks, bonusmateriale og ny kunst.[3]

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Etter utgjevinga av debutalbumet Tubular Bells, søkte Oldfield til landsbygda for å skrive ein oppfølgjar. Tidleg i 1974 køyrde han rundt i West Country før han svinga nordover til Herefordshire. Han kom til Kington, ein liten by på grensa til Wales ved foten av Hergest Ridge, ein lang ås med ei høgd på 425 meter over havet, som Oldfield likte.[4] Han oppdaga eit hus kalla The Beacon ved Bradnor Hill som var til sals og fekk løyve av medeigaren i Virgin, Richard Branson, til å kjøpe det.[4]

Oldfield slo seg ned i den nye heime sin, men var usikker på kva det neste karrieretrekket skulle vere. Kontrakten med Virgin gav han ei løn på 25 pund og han fekk stadig tilbod om å opptre offentleg, noko som Oldfield fekk panikkåtak av. Han hadde ingen konkrete idear til ny musikk og valde å spele «enkle, lite krevande mellomaldermelodiar» med visemusikaren Leslie Penning i Penrhos Court, ein lokal restaurant, i byte mot gratis vin.[4] Oppfordra av Branson, byrja Oldfield å skrive ein oppfølgjar til Tubular Bells og fekk levert eit Farfisa orgel, ein 4-spors TEAC-lydbandmaskin og ein miksepult heim til seg.[4]

Oldfield meinte at halvparten av dei bra seksjonane på albumet var så detaljerte og gravlagde i miksen at lyttaren måtte spele albumet på platespelarar av høg kvalitet. «Eg må verkeleg lytte nøye for å plukke ut noko som eg er stolt over å ha gjort».[5] Klimakset på albumet er noko han var særskild nøgd med. Tanken på at folk samanlikna det med Tubular Bells irriterte han fordi han rekna det som eit meir arrangert og fullverdig verk.[5] I 1975 reflekterte Oldfield over Hergest Ridge og meinte det hadde «nokre glimrande idear», men det vart spelt inn for raskt, noko som påverka resultatet.[6]

Etter ei første innspeling i Basing Street Studios i London og Chipping Norton Studios i Oxfordshire vart skrinlagd,[4] spelte Oldfield inn Hergest Ridge våren 1974 i The Manor nær Shipton-on-Cherwell i Oxfordshire, med Tom Newman i rolla som medprodusent i lag med Oldfield.[7] Albumet vart miksa i AIR Studios i London.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

På same vis som Tubular Bells, er albumet delt inn i to delar, sjølv om Hergest Ridge har færre varierte tema og ei meir sofistikert musikalsk utvikling enn dei mange tema og raske endringane som føregangaren hadde. Oldfield er nyskapande på Hergest Ridge i måten han bygde opp komplekse teksturar på. Han la ofte lag på lag med elektrisk gitar ved først å forsterke dei kraftig (for å oppnå ein orgelaktig kvalitet) og så redusere volumet kraftig ved hjelp av ein Glorfindel-boks (ein heimelaga gitareffekteining som var «ekstremt upåliteleg i bruk»[8]) og kompresjonskanalen på miksepulten i The Manor. Dette hadde han òg gjort på «gitarar som høyrest ut som sekkepiper»på Tubular Bells Part 2. Teksturane vert utvida ytterlegare ved hjelp av forskjellige orgeltonar og bruk av røysta som instrument.

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Hergest Ridge vart miksa med ein SQ-system 4-kanals kvadrofonisk lyd av Oldfield i 1976 for ein plateboks med fire plater kalla Boxed. Etter denne miksen sa Oldfield at han ønskte at alle framtidige utgåver av albumet skulle baserast på denne nye versjonen. Alle CD-utgåver har hatt ein stereomiks basert på «Boxed»-miksen, og det same har seinare utgåver på LP og kassett. Den originale vinylmiksen frå 1974 kom ut i 2010, i tillegg til ein ny miks frå 2010.

Ein orkesterversjon av Hergest Ridge vart arrangert og dirigert av David Bedford, som tidlegare hadde gjort det same med The Orchestral Tubular Bells. Denne vart framført live fleire gonger, og spelte inn for ei radiosending to gonger, ein gong i 1974 av Royal Philharmonic Orchestra med Steve Hillage på gitar, og ein gong i 1976 av Scottish National Orchestra, igjen med Hillage på gitar. Andy Summers spelte på andre framføringa det året. Delar av framføringane er nytta i NASA- og Tony Palmer-dokumentaren The Space Movie. Så langt har denne utgåva ikkje blitt offisielt utgjeven.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk er komponert av Mike Oldfield[7].

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Hergest Ridge (Part One)»21:29
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Hergest Ridge (Part Two)»18:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medverkande henta frå plateomslaget i 1974.[7]

Musikars

Production

Mercury Records-utgåva[endre | endre wikiteksten]

7. juni 2010 kom albumet ut på ny på Mercury Records. Denne kom med fleire bonusspor og i fleire format. Det var ei enkel utgåve[9] og ei luksusutgåve. Av bonusspor finn ein «In Dulci Jubilo (For Maureen)» og «Spanish Tune».[10] Det vart òg gjeve ut ein 180-grams vinylversjon som ein del av serien Back to Black.[11]

Enkel CD-utgåve
Nr.TittelLengd
1.«Hergest Ridge {Part One}» (2010 stereo mix)19:21
2.«Hergest Ridge {Part Two}» (2010 stereo mix)18:46
3.«In Dulci Jubilo (For Maureen)»2:46
4.«Spanish Tune»3:11
Back To Black vinylutgåve
Nr.TittelLengd
1.«Hergest Ridge {Part One}» (1974 stereo mix) 
2.«Hergest Ridge {Part Two}» (1974 stereo mix) 
Digital utgåve
Nr.TittelLengd
1.«Hergest Ridge {Part One}» (2010 stereo mix)19:21
2.«Hergest Ridge {Part Two}» (2010 stereo mix)18:46
3.«Hergest Ridge {Part One}» (1974 stereo mix)21:32
4.«Hergest Ridge {Part Two}» (1974 stereo mix)18:40
5.«Hergest Ridge {Part One}» (Demo frå 1974)20:21
6.«Hergest Ridge (Part Two)» (Demo frå 1974)18:13
Luksusutgåve - CD 1
Nr.TittelLengd
1.«Hergest Ridge {Part One}» (2010 stereo mix)19:21
2.«Hergest Ridge {Part Two}» (2010 stereo mix)18:46
3.«In Dulci Jubilo (For Maureen)»2:46
4.«Spanish Tune»3:11
Luksusutgåve - CD 2
Nr.TittelLengd
1.«Hergest Ridge {Part One}» (1974 stereo mix)21:32
2.«Hergest Ridge {Part Two}» (1974 stereo mix)18:40
3.«Hergest Ridge {Part One}» (Demo frå 1974)20:21
4.«Hergest Ridge {Part Two}» (Demo frå 1974)18:13
DVD
Nr.TittelLengd
1.«Hergest Ridge {Part One}» (5.1-kringlydmiks frå 2010)21:32
2.«Hergest Ridge {Part Two}» (5.1-kringlydmiks frå 2010)18:40

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Nederlandske album (MegaCharts)[12] 12
Spanske album (PROMUSICAE)[13] 54
Britiske album (OCC)[14] 1

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[15] Gull 100 000^
Worldwide 2,000,000[6]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hergest Ridge av Mike OldfieldAllmusic
  2. Konjović, S. «Mike Oldfield – Hergest Ridge». Džuboks (på serbisk) (Gornji Milanovac: Dečje novine) (8 (second series)): 22. 
  3. «Classic Rock presents Prog – Hergest Ridge and Ommadawn reviews», Classic Rock, May 2010 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Powell, Mark (1974). Hergest Ridge [2010 Reissue] (Booklet essay). Mercury Records. s. 5–8, 10. 532 675-5. 
  5. 5,0 5,1 Dallas, Karl (December 1974). «Mike Oldfield: Balm for the Walking Wounded». Let It Rock – via Rock's Backpages. 
  6. 6,0 6,1 Turner, Steve (1975). «Mike Oldfield». Rolling Stone – via Rock's Backpages. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Hergest Ridge. Virgin Records. 1974. V2013. 
  8. Tubular.net - Tubular Bells Henta 19. november 2019
  9. «Hergest Ridge». Amazon.co.uk. Henta 28. juni 2020. 
  10. «Hergest Ridge Deluxe Edition». Amazon.co.uk. Henta 28. juni 2020. 
  11. «Hergest Ridge Limited 180 gram Vinyl LP». What Records. Arkivert frå originalen 10. april 2010. Henta 28. juni 2020. 
  12. "Mike Oldfield – Hergest Ridge". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  13. "Mike Oldfield – Hergest Ridge". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  14. september 1974 "14. september 1974 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 28. juni 2020.
  15. «British album salstrofé – Mike Oldfield – Hergest Ridge». British Phonographic Industry. Henta 28. juni 2020.  Enter Hergest Ridge in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go