Herman's Hermits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Herman's Hermits
Herman's Hermits 1968 US television concert special.JPG
Herman's Hermits i 1968. Frå venstre til høgre: Keith Hopwood, Karl Green, Derek Leckenby, frontmann Peter Noone og Barry Whitwam
OpphavManchester i England
AktivSidan 1964
SjangerBeat, pop
PlateselskapColumbia (EMI), MGM
MedlemmerBarry Whitwam
Geoff Foot
Paul Cornwell
Tony Hancox
Tidlegare medlemmerDerek Leckenby
Keith Hopwood
Karl Green
Peter Noone

Herman's Hermits er eit engelsk beatband som vart skipa i Manchester i 1964.

Bandet heitte opphavleg Herman & The Hermits og vart oppdaga av Harvey Lisberg, som vart manageren deira. Lisberg sende ein returflybillett til Mickie Most slik at han kunne kome til London for å sjå bandet spele i Bolton. Most vart produsenten til gruppa og kontrollerte kva dei gav ut. Han la vekt på eit enkelt, ikkje-trugande og reint image, sjølv om bandet opphavleg spelte R&B-songar.[1] Dette gjorde Herman's Hermits til eit særs populært band midt i 1960-åra.

Den første hitten deira var ein versjon av Earl-Jean sin «I'm into Something Good» (skriven av Gerry Goffin og Carole King), som nådde toppen av UK Singles Chart og 13. plassen i USA seint i 1964. Dei nådde aldri toppen av den britiske singellista igjen, men hadde to songar på toppen av amerikanske Billboard Hot 100-lista med «Mrs. Brown, You've Got a Lovely Daughter» (opphavleg av Tom Courtenay frå 1963) og «I'm Henry the Eighth, I Am» (ei britisk revyvise av Harry Champion frå 1911, som den irske bestefaren til Peter Noone hadde sunge då Noone var ung). Desse songane var retta mot den amerikanske fansen og Noone overdreiv Manchester-dialekten sin.

I USA vart platene deira gjevne ut på MGM, eit selskap som ofte fekk artistane dei signerte til å spele i filmar. Hermits spelte i fleire MGM-filmar, som When the Boys Meet the Girls (1965) og Hold On! (1966). Dei deltok òg i filmen Mrs. Brown You've Got a Lovely Daughter (1968).

Herman's Hermits fekk fire hittar inn på topp 3 i USA i 1965, med dei tidlegare nemnte førsteplassane og «Can't You Hear My Heartbeat» (2. plass i USA). Dei spelte inn The Rays-songen «Silhouettes» (5. plassen i USA), Sam Cooke-songen «Wonderful World» (4. plassen i USA), «Just a Little Bit Better» (7. plassen i USA) og «A Must to Avoid» (8. plassen i USA) i 1965; «Listen People» (3. plassen i USA), George Formby sin «Leaning on a Lamp Post» frå Me and My Girl (9. plassen i USA) og Ray Davies-songen «Dandy» (5. plassen i USA) i 1966; og «There's a Kind of Hush» (4. plassen i USA) i 1967.

Gruppa spelte på The Ed Sullivan Show, The Dean Martin Show og The Jackie Gleason Show. Etter 1967 dalte suksessen i USA, men dei fekk fleire hitsinglar i Storbritannia frå 1967 til 1970. Då gruppa gav ut det siste albumet sitt i 1960-åra, Rock 'n' Roll Party, var suksessen deira i USA historie og albumet kom ikkje ut på MGM der. Peter Noone slutta i bandet i 1971. Herman's Hermits fortsette i 1973 og drog på ein turné i USA. Ei seinare besetning med sologitaristen Derek Leckenby og trommeslagaren Barry Whitwam som dei einaste attverande originale medlemmane, varma opp for The Monkees på turneane deira i 1980-åra i USA. Bandet er framleis aktiv i dag, men Whitwam er det einaste attverande, originale medlemmet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1963–1971[endre | endre wikiteksten]

Herman's Hermits oppstod frå to forskjellige lokale band. Keith Hopwood (rytmegitar, korvokal), Karl Green (sologitar, korvokal), Alan Wrigley (bass), Steve Titterington (trommer) og Peter Noone (solovokal) kom frå The Heartbeats. Den då 15 år gamle Peter Noone hadde alt hatt erfaring som skodespelar i den populære britiske såpeoperaen Coronation Street. Derek «Lek» Leckenby (sologitar) og Barry Whitwam (trommer) (fødd Jan Barry Whitwam) kom seinare inn frå ei anna lokal gruppe, The Wailers. Whitwam erstatta Titterington på trommer, Green byta til bassgitar (erstatta Wrigley) og Leckenby tok over for Green som sologitarist. Etter Leckenby kom inn i bandet fekk gruppa ein avtale med produsenten Mickie Most og fekk kontrakt med EMI sitt Columbia i Europa og MGM Records i USA.[2]

Herman's Hermits kring 1965.

Bandnamnet kom frå ein likskap mellom Noone og Sherman i teikneserien Rocky and Bullwinkle. Sherman vart forkorta til Herman, og bandet vart så Herman and his Hermits, som kort tid etter vart forkort vidare til Herman's Hermits.[3] Bandet spelte på dei fleste singlane sine, inkludert «I'm into Something Good», «Listen People», «Can't You Hear My Heartbeat», «Leaning on a Lamp Post», «Mrs. Brown, You've Got a Lovely Daughter», «A Must to Avoid», «You Won't Be Leaving» og «I'm Henry VIII, I Am» (sistnemnte vart sagt å vere «den raskast seljande songen i historia»).[4] Leckenby spelte solo på «Henry», og Hopwood spelte rytmegitar på «Mrs. Brown».[5]

Trass i at gruppa var dugande musikarar, vart somme av singlane spelte inn med studiomusikarar – inkludert Big Jim Sullivan, Jimmy Page, John Paul Jones, Vic Flick og Bobby Graham – med bidrag frå bandet. Mickie Most brukte studiomusikarar på mange innspelingar han spelte — dette var vanleg praksis på denne tida. Sjølv respekterte grupper som The Yardbirds måtte bruke studiomusikarar (utanom Jimmy Page) på dei fleste Most-produserte innspelingane.[6]

Albumet Blaze frå 1967 fekk god kritikk, men nådde berre så vidt Topp 100 i USA og kom ikkje ut i Storbritannia.

Sidan 1971[endre | endre wikiteksten]

Då Noone slutta i gruppa i 1971 fortette Hermits, først med songaren Pete Cowap. Dei fekk kontrakt med RCA Records i Storbritannia og spelte inn to singlar i Strawberry Studios og eit album som ikkje kom ut (med namnet Sour Mash) produsert av Eric Stewart. Dei gav så ut singlar for Buddah, Private Stock og Roulette, med liten suksess. Ein kort periode att med Noone, Whitwam, Leckenby og Green (som tok over solovokalen fram til han gav seg i 1980) fortsette åt urnere med nyare medlemmer, inkludert Rod Gerrard (tidlegare med Wayne Fontana & the Mindbenders og Salford Jets).

Hopwood og Leckenby starta sidan eit musikkføretak, Pluto Music, som framleis er i drift og hovudsakleg driv med musikk til reklamefilmar og animasjonsfilmar. Hopwood har sidan blitt filmmusikkomponist.. Green har blitt manager for lydsystem for konsertar i London.[7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Originalmedlemmar er i utheva skrift.

Noverande medlemmar
  • Barry Whitwam – trommer (Sidan 1964)
  • Geoff Foot – solovokal, bass (Sidan 1980)
  • Paul Cornwell - sologitar, korvokal (Sidan 2013)
  • Tony Hancox – klaverinstrument, korvokal (Sidan 2017)
Tidlegare medlemmar
  • Peter Noone – solovokal (1964–1971, 1973)
  • Derek Leckenby – sologitar (1964–1994; died 1994)
  • Keith Hopwood – rytmegitar, korvokal (1964–1972)
  • Karl Green – bass, kor- og solovokal (1964–1980)
  • Pete Cowap – solovokal, rytmegitar (1971–1972; died 1997)
  • John Gaughan – rytmegitar, korvokal (1972–1975)
  • Frank Renshaw – rytmegitar, korvokal (1975-1982)
  • Rod Gerrard – rytmegitar, korvokal (1986-1995)
  • Eddy Carter - sologitar, korvokal (1994-2013)
  • Kevan Lingard – klaverinstrument, korvokal (2006–2016)
  • Paul Robinson – klaverinstrument, korvokal (2016–2017)

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ifølgje rytmegitaristen Keith Hopwood i ein My Generation-episode om bandet på VH1.
  2. Allmusic.com biography. Henta 19. mars 2018.
  3. «Herman's Hermits – Magazine Articles». Hermanshermits.com. Henta 19. mars 2018. 
  4. MacInnes, Colin (1965) «The Old English Music Hall Songs Are New.» The New York Times, 28. november 1965, p. SM62: «Henry—which hit the top of the record lists and, according to one American expert, was 'the fastest-selling song in history'—was in fact an old English music hall song enjoying a new lease on life.»
  5. Noone interview, Hopwood personal correspondence
  6. Davis, Stephen, Hammer of the Gods: The Led Zeppelin Saga
  7. «Big L RSL 2001 in Clacton – Photogallery of the Stars». Radiolondon.co.uk. 6. januar 1965. Henta 19. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Herman's Hermits