Herman Friele (1838-1921)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Herman Friele.
Herman Friele

Fødd27. mai 1838
Bergen
Død7. november 1921
Voss herad
NasjonalitetNoreg
Yrkezoolog, forretningsdrivande, malakolog
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Herman Friele (27. mai 18387. november 1921) var ein norsk kjøpmann og naturforskar (zoolog). Han høyrde til den bergenske slekta Friele, kjend mellom anna for Kaffehuset Friele.

På 1860-talet granska Herman Friele fuglelivet i Finnmark og på Jæren, og han var med på den norske nordhavsekspedisjonen i 1876–1878 og skreiv om molluskar saman med mellom andre systersonen James A. Grieg.

Herman Friele sat i direksjonen for Bergens Museum frå 1870, var frå 1875 med i bystyret i Bergen og suppleant til Stortinget i perioden 1877–79. Saman med Christian Michelsen hjelpte han i 1880 Cornelius Sætre med å setje i gang Noregs fyrste produksjonsverksemd for østersyngel, Tysnes Østers Compani i Espevikspollen på Tysnes, og frå 1882 var han med i leiinga av Selskabet til de Norske Fiskeriers fremme. I 1887 vart han medlem i Det Norske Videnskaps-Akademi, og vart riddar av St. Olavs Orden i 1894, kommandør av 2. klasse i 1911.

Havforskingsfartøyet «Herman Friele» vart oppkalla etter han. Båten vart bygd i 1922 hjå Ottesens Skipsbyggeri på Jensaneset, Sagvåg på Stord, for Bergen Museums Biologiske Stasjon på Herdla, og utlånt til Trondhjem Biologiske Stasjon i perioden 1955 – 1962.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]