Herman Jacobsen
| Herman Jacobsen | |||
| Fødd | 29. mai 1854 Skjeberg kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 14. mai 1927 (72 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar, reiar | ||
| Alle verv |
| ||
Ole Herman Jacobsen (29. mai 1854–14. mai 1927) var ein norsk gardbrukar, skipsreiar og stortingsmann frå Skjeberg i Østfold. Han representerte Smaalenenes amt og Høgre i Stortinget 1898-1900 og 1903-06.
Jacobsen var son til ein gardbrukar. Etter kort tid til sjøs, styrte han 1881-83 Lilleby bryggeri ved Fredrikstad. Han gifta seg til storgarden Billet i Skjeberg og dreiv denne frå 1883. Frå 1889 var han disponent for A/S Aarums teglverk. Åra 1894 til 1918 var han reiar for eit par seglskip, båtar som etterkvart var skifta ut med jarnskip.
Jacobsen var medlem i Borge formannskap i 23 år og i fleire år ordførar. I tillegg var han forlikskommssær. Han var styreleiar i så vel Sarpsborg og omegn privatbank som i Borge sparebank. Perioden 1898-1900 var han stortingsmann, og medlem av Gasje- og pensjonskomiteen. Han kom tilbake i Stortinget 1903-06, då hadde han sete i Protokollkomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Østfold Dagblad 16. mai 1927