Herman Løvenskiold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herman Løvenskiold
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. juni 1869
Christiania
Død

2. februar 1927 (57 år)

Yrke idrettsutøvar, politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Far Herman Løvenskiold

Herman Løvenskiold (20. juni 18692. februar 1927) var ein norsk godseigar og oberstløytnant frå Oslo som representerte Telemark og partiet HøgreStortinget åra 1922-27. Frederik Løvenskiold var bestefar hans.

Herman Løvenskiold var son til ein godseigar. Han tok studenteksamen ved Aars & Voss skule i hovudstaden i 1887, og vart offiser i 1890. Frå 1895 var han knytt til generalstaben, fyrst som aspirant, frå 1900 som kaptein. I 1907 overtok han farens storgard Rafnes i Bamble. Ved sidan av å pleie den militære karrieren vart han då også godseigar. I september 1914 vart han utnemnd til bataljonsjef og samstundes forfremja til major. Frå 1. januar 1918 var han nestsjef ved Telemarkens infanteriregiment nr 3, med rang av oberstløytnant.

Løvenskiold var formannskapsmedlem i Bamble herad frå 1910 til han døydde, perioden 1919-22 var han ordførar. Frå 1914 var han styremedlem i Langesundsfjordens Kraftselskap .

Hausten 1921 vart Løvenskiold vald til stortingsrepresentant frå valkrinsen Telemark, attvald i 1924. På Tinget var Høgre-mannen medlem i Sosialkomiteen 1922-24, formann i Militærkomiteen 1925-26 og medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen 1927. Den 1. februar 1927, då Stortinget debatterte nyordninga av Forsvaret, Forsvarsordningen av 1927, var Løvenskiold råka av ei hjerneblødning. Han døydde dagen etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]