Herman Reimers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herman Reimers

Fødd15. september 1843
Død7. februar 1928 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkedommar, politikar
BarnHerman Foss Reimers
Alle verv

Herman Johan Foss Reimers (15. september 18431928) var ein norsk jurist og Høgre-politikar. Han var finansminister i Schweigaard-regjeringa («aprilministeriet») 1884.

Reimers var fødd i Bergen, far hans var bakarmeister. Sjølv vart han student frå katedralskulen i byen i 1862, og cand. jur. i 1867. Dei to fyrste åra etter han avla juridisk embetseksamen var han fullmektig hos byfuten i Bergen. Deretter var han tilsett i finansdepartementet, byråsjef i 1878 og ekspedisjonssekretær 1880. 3. april 1884 vart han statsråd og sjef for finansdepartementet i Christian Schweigaard si regjering, «aprilministeriet». Regjeringa gjekk av 26. juni. Same året utnemnd til assessor i Høgsterett, eit embete han hadde til 1918.

Reimers representerte RisørStortinget 1889-91. Han var innvald på Høgre sitt program og var medlem av budsjettkomiteen.

1876-84 var Reimers sekretær i Selskabet for Norges Vel. Han var strengt konservativ, og var åra 1872-78 medarbeidar i Morgenbladet sin redaksjon. Dels var han redaktør for utanlandsstoffet, dels forfattar av artiklar om politikk og finans. Han var 1887-94 medlem av bystyret i hovudstaden.

Kongen utnemnde i 1893 Reimers til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914