Hermann Broch
Hermann Broch | |
Statsborgarskap | Austerrike, USA |
Fødd | 1. november 1886 Wien |
Død |
30. mai 1951 (64 år) |
Yrke | skribent, skodespelforfattar, filosof, prosaforfatter, essayist |
Hermann Broch på Commons |
Hermann Broch (1. november 1886–30. mai 1951) var ein austerriksk forfattar som blir rekna som ein av dei store modernistane.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Broch var fødd i ein velståande jødisk familie, og arbeidde ei tid i tekstilfabrikken til familien, medan han skreiv på fritida. Han konverterte til katolisismen i 1909.
Han var kjend med mellom anna Robert Musil, Rainer Maria Rilke, Elias Canetti og Franz Blei. Han byrja karrieren sin om heiltidsforfattar fyrst i 40-årsalderen, etter å ha selt familieføretaket i 1927.
Broch blei fengsla då dei tyske nazistane annekterte Austerrike i 1938, men ei rørsle leda av vennene hans – mellom dei James Joyce – lykkast i å få han fri så han kunne emigrera; fyrst til Storbritannia og sidan til USA.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Storverket hans Der Tod de Vergil, som han byrja skriva då han sat i konsentrasjonsleir, blei fyrst gitt ut i USA i engelsk omsetjing i 1945. Denne store, vanskelege romanen, der røyndom og hallusinasjon, poesi og prosa er sammanvovne, handlar om dei siste timane av livet til den romerske diktaren Vergil i Brindisi hamn, der han har selskap av Augustus, avgjerda hans om å brenna eposet Aeneiden, frustrasjonen over keisaren, og den endelege forsoninga hans med lagnaden sin.
Andre viktige verk av Broch Die Schlafwandler (1930-1932) og Die Schuldlosen, (1950). Die Schlafwandler er ein trilogi sett saman av Pasenow oder die Romantikk (1932) som utspelar seg 1888, Esch oder die Anarchie som utspelar seg i 1903 og Huguenau oder die Sachlichkeit som utspelar seg i 1918.[1] Trilogien er blitt hylla av mange kritikkar. Broch skriv på ein lett, leikefullt slingrande måte, trass den filosofiske innfallsvinkelen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Broch, Hermann». Arkivert frå originalen 16. april 2015. Henta 10. april 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Hermann Broch» frå Wikipedia på svensk, den 18. september 2023.