Hermann Scherer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hermann Scherer

Statsborgarskap Sveits
Fødd 8. februar 1893
Rümmingen
Død

13. mai 1927 (34 år)
Basel

Yrke kunstmålar, bilethoggar
Hermann Scherer på Commons

Hermann Scherer (8. februar 189313. mai 1927) var ein tysk-sveitsisk ekspresjonistisk kunstmålar og bilethoggar fødd i Rümmingen i Baden-Württemberg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

'Mor', 1924

Etter endt skulegang begynte Scherer i 1907 som lærling i steinfaget i ein verkstad i Lörrach. Åra 1910-19 arbeidde han etterrokes som steinhoggar i verkstadene til tre ulike bilethoggarar i Basel. Kring 1919/20 hadde Scherer ei modernistisk oppfatning av kva kunst var og skulle vere. I den samanheng øydela han mange av dei verka han hadde skapt til då.

To tilhøve hadde avgjerande innverknad på hans kunstnariske utvikling i dei tidlege 1920-åra; ei vandreutstilling med Edvard Munchs kunst på Kunsthaus Zürich, og så vart han kjend med Ernst Kirchner. Åra 1922-24 arbeidde han i fleire lange periodar i grenda Frauenkirch ved Davos. I 1924 fekk han så høve til å delta på ei utstilling av nyare tysk kunst i Stuttgart med tre av treskulpturane sine.

Same året danna han, saman med Albert Müller og Paul Camenisch, kunstnargruppa Rot-Blau («Raud-blå») som også Werner Neuhaus slutta seg til. På ei utstilling i Kunstverein Basel i 1925 fekk gruppa stor offentleg merksemd. Kort etter fekk gruppa høve til å stille ut verk på Kunsthaus Zürich. Til begge utstillingane vart enkelte verk avvist, då dei vart erklært for å vere støytande.

Hausten 1926 vart Scherer alvorleg sjuk og døydde 13. mai 1927. Året etter markerte Kunsthalle Basel kunstnaren med ei utstilling som presenterte meir enn 200 av verka hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hermann Scherer