Hopp til innhald

Hermanus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hermanus
by
Utsyn mot Hermanus og Grotto Beach frå Rotary Way.
Land  Sør-Afrika
Kart
Hermanus
34°25′00″S 19°18′00″E / 34.416667°S 19.3°E / -34.416667; 19.3
Wikimedia Commons: Hermanus

Hermanus (opphavleg kalla Hermanuspietersfontein, men forkorta i 1902 då namnet var for langt for postverket[1]) er ein by på sørkysten av Western Cape-provinsen i Sør-Afrika. Han er ein kjend stad for å sjå på sørkaperar under den sørlege vinteren til våren, og er ein populær stad å flytta til for pensjonistar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hermanus Pieters (ca. 1778-1837) var ein nederlandsk lærar som kom til Kappstaden i 1815. Han blei rekruttert av nederlandsktalande bønder som ikkje likte at engelsk var det einaste språket som blei brukt i alle dei statlege skulane. Pieters budde i Caledon, men underviste på nederlandsk til bønder i eit stort område rundt byen, inkludert Hemel-en-Aarde-dalen. Han var ofte på ferie ved kjelda (fontein) i dagens Hermanus, der han fiska og hadde sauene sine på beite, og staden blei etterkvart kjend som «Hermanus Pieters se Fonteyn». Han døydde før byen Hermanuspietersfontein eksisterte. 65 år etter at han døydde bestemte postverket seg for å forkorta namnet til Hermanus.[1]

Kvalar og kvalkikking[endre | endre wikiteksten]

Kvalutroparen Wilson Salukazana.

Byen er kjend for at det ofte sym kvalar forbi som er synlege frå byen. Sørkaper er den vanlegaste arten i Hermanus-bukta, men det kjem også andre artar til området. Ein kan sjå kvalane frå klippene langs kysten frå juni og vanlegvis tik byrjinga av desember. Historisk jakta ein kval i Betty's Bay i nærleiken, men dei er no verna. Old Harbour Museum har fleire utstillingar om lokal kvalfangsthistorie, og De Wetshuis Photo Museum har ei bildeutstilling av T. D. Ravenscroft som skildrar historia til Hermanus. The Whale Museum har eit skjelett av ein kval og ein audio-visuell presentasjon av kvalar og delfinar som blir vist to gonger om dagen.

Vitjande kan sjå kvalar frå klippene eller dra på kvalsafari med båtar eller luftfartøy. Sidan august 1992 har Hermanus hatt den einaste kvalutroparen i verda, der den fyrste var Pieter Classen 1992-1998, så Wilson Salukazana 1998-2006[2] og sidan Zolile Baleni.[3] Kvalutroparen bles i eit tarehorn for å melda at det er sett kval. I 2005 gav Zakes Mda ut romanen The Whale Caller der kvalutroparen i Hermanus er hovudpersonen.

Kvalfestival[endre | endre wikiteksten]

Hermanus har ein årleg kvalfestival, Hermanus Whale Festival, i slutten av september, for å feira kalvings- og paringssesongen.[4] Økoturisme er hovudtema for festivalen Hermanus med Eco-Marine Village. Innbyggjarane og vitjande feirar migrasjonen til sørkaperar og andre marine dyrearter med aktivitetar og utstillingar knytte til havet. Før denne hovudfestivalen blir det halde ein Kalfiefees (Kalvefestival) for å ønska dei fyrste kvalane velkomen, vanlegvis i august. Ved begge festivalane har ein mat- og handverksbuer, miljøpresentasjonar og sørafrikanske dramaproduksjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hermanus