Hermine Bernhoft Osa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hermine Bernhoft Osa
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. september 1865
Eigersund kommune
Død

7. august 1929 (63 år)
Voss herad

Yrke skribent
Ektefelle Lars Osa
Born Sigbjørn Bernhoft Osa, Theodor Bernhoft Osa

Augusta Sofie Hermine Bernhoft Osa (27. september 18659. august 1929) var ein norsk forfattar, særleg av barnebøker, fødd i Eigersund.

Hermine Bernhoft Osa var dotter til ein kateket og prest. Ho voks opp fleire stader, mellom anna i Porsgrunn og Kristiania. Frå 1887 skreiv ho minst fem barnebøker, nokre av dei kom i fleire opplag. Ho var gift med kunstmålaren Lars Osa og var mor til spelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa, som vart fødd i Ulvik i 1910. I fleire periodar budde familien i Valle i Setesdal, der Lars Osa måla. Dei slo til sist ned på Voss.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fra barnets verden - fortælling for smaafolk, 1887, nytt opplag 1902 og 1917
  • Smaatraak, 1889, nytt opplag 1903 og 1915
  • Mere fra barnets verden, 1890
  • Den, som liden er - fortællinger for børn og børnevenner 1892, nytt opplag 1916
  • Stua fuld og andre fortællinger 1892, nytt opplag 1902

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kyrkje- og klokkarbøker for Eigersund og Voss
  • Folketeljingane 1865, 1875, 1885, 1900 og 1910

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]