Herr Jesu Christ, wahr' Mensch und Gott
Utsjånad
BWV 127 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1725 | ||
Urframføring | 11. februar 1725 | ||
Publiseringsdato | 1878 | ||
Typisk lengd | 18:57 | ||
Satsar/akter | 6 |
Herr Jesu Christ, wahr' Mensch und Gott, BWV 127, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1725 for fastelavnssundag.
Teksten er henta frå Paul Eber (første og siste sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar (truleg Christian Friedrich Henrici (Picander))
Koraltemaet er basert på salmen «Befiehl du deine Wege». Denne melodien vart opphavleg komponert av Hans Leo Hassler som den verdslege kjærleikssongen «Mein G’müt ist mir verwirret von einer Jungfrau zart», som kom på trykk i 1601.
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for trompet, obo, to fløyter, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar:
- «Herr Jesu Christ, wahr' Mensch und Gott», Koral
- «Wenn alles sich zur letzten Zeit entsetzet», Resitativ for tenor
- «Die Seele ruht in Jesu Händen», Arie for sopran
- «Wenn einstens die Posaunen schallen», Resitativ for bass
- «Fürwahr, fürwahr, euch sage ich», Arie for bass
- «Ach Herr, vergib all unser Schuld», Koral
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Herr Jesu Christ, wahr' Mensch und Gott». Bach-kantater. Henta 19. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 127 på bach-cantatas.com