Hers-Vif

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hers-Vif
elv
L'Hers-Vif à Bélesta (Ariège).JPG
Land Flag of France.svg Frankrike
Nedslagsfelt 1 350 km²
Lengd 130 km
Middelvassføring 15 /s
Kjelde Pyreneane
 - høgd ±1 500 moh
Munning Ariège
Wikimedia Commons: Hers-Vif

Hers-Vif, og kalla Grand Hers eller berre Hers, er ei 130 km lang elv sør i Frankrike, og ei av sideelvane til Ariège frå høgre.

Hers-Vif har sitt utspring i ei høgd om lag 1 500 meter over havet nær Chioula-passet i Pyreneane, om lag 6 km nord for Ax-les-Thermes. Ho munnar ut i Ariège 2 km oppfor Cintegabelle i Haute-Garonne.

Ho renn 30 kilometer gjennom Pyreneane og fell 1 100 m til landsbyen Peyrat, der ho renn ut på ei piedmontslette. Dalen vert vidare etter kvart som ho renn over sletta, og ho når mellomalderbyen Mirepoix, som er starten på den nedre dalen hennar.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Departement og byar[endre | endre wikiteksten]

Elva renn gjennom følgjande departement og byar:

Flaumar[endre | endre wikiteksten]

Hers-Vif er kjend for dei store flaumane ho stundom har skapt. 16. juni 1289 skal ho ha øydelagd heile Mirepoix. I nyare tid har dei største flaumane vore:

  • 23. juni 1875: estimert vassføring 1 500 m³/s ved Mazères;
  • 6. februar 1919: estimert vassføring 600-800 m³/s ved Mazères;
  • 19. mai 1977: estimert vassføring 1 070 m³/s ved Mazères;
  • 16. januar 1981: estimert vassføring 1 100 m³/s ved Mazères;
  • 11. juni 2000: estimert vassføring 500 m³/s ved Mazères;
  • 24. januar 2004: estimert vassføring 500 m³/s ved Mazères.