Hersekneset

Koordinatar: 40°44′N 29°31′E / 40.733°N 29.517°E / 40.733; 29.517
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

40°44′N 29°31′E / 40.733°N 29.517°E / 40.733; 29.517

Hersekneset
nes
Land  Tyrkia
Kart
Hersekneset
40°44′00″N 29°31′00″E / 40.73333333°N 29.51666667°E / 40.73333333; 29.51666667

Hersekneset (tyrkisk Hersek burnu) er eit nes i Tyrkia. Det ligg i distriktet Altınova i provinsen Yalova. Det vender nordover mot İzmitbukta som er ein del av Marmarahavet. Breidda til bukta på nordenden av Hersekneset er berre 3 km, medan det elles er kring 9 km breitt.

Neset var strategisk viktig og den romerske keisaren Konstantin I grunnla derfor her byen Helenopolis. Under det første krosstoget, slo seldsjukkane under sultan Kılıç Arslan I folkekrosstoget i slaget ved Civetot nær Helenopolis. Det var òg ved Hersekneset at Det osmanske riket (då berre eit fyrstedøme) erklærte seg sjølvstendig. Den 27. juli 1302 sigra den osmanske armeen over austromarane, som prøvde å stoppe kringsetjinga av byen Nikea (dagens İznik), i slaget ved Koyunhisar.[1] Etter dette slaget erklærte Osman I sjølvstendet til fyrstedømet sitt.

Det er planlagd ei bru mellom Hersekneset og Dilovası på den andre sida av bukta. Brua vil verte 3 km lang og korte ned hovudvegen mellom İstanbul og İzmir med 140 km.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. april 2012, henta 5. august 2012 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 25. april 2012, henta 5. august 2012