Hertfordshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hertfordshire
Motto: Trust and fear not
EnglandHertfordshire.svg
Geografi
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
Opphav Historisk
Region Aust-England
Areal 1 643 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

1 078 400
656,4 /km²
Etnisitet 88,8 % kvite britar
1,7% irar
3,2% andre kvite
1,6 % indarar
Distrikt
HertfordshireNumbered.png
  1. Three Rivers
  2. Watford
  3. Hertsmere
  4. Welwyn Hatfield
  5. Broxbourne
  6. East Hertfordshire
  7. Stevenage
  8. North Hertfordshire
  9. St Albans
  10. Dacorum

Hertfordshire (forkorta Herts) er eit seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap aust i England. Hovudbyen er Hertford.

Grevskapet er eit av dei såkalla Home Counties og ligg i indre område. Det grensar til Stor-London, Buckinghamshire, Bedfordshire (dei sameinte styresmaktene Luton og Central Bedfordshire), Cambridgeshire og Essex. Hertfordshire er kjend som fødestaden til pave Adrian IV, den einaste paven nokon gong frå Dei britiske øyane.

Store delar av Hertfordshire er ein del av pendlarbeltet til London.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I romersk tid låg ein av dei viktigaste byane i romersk Britannia der, nemleg Verulamium (på same stad som dagens St. Albans).

Hertfordshire var opphavleg det området som var underlagt ei festning bygt i Hertford i 913 under Edward den eldre. Namnet Hertfordshire er nemnd i Den angelsaksiske krønika.

I 1613 vart den menneskeskapte elva New River opna, med startpunkt i Hertfordshire. Ho vart grave ut for å skaffe reint drikkevatn til London.

I 1965 vart Barnet overført til Stor-London, men samstundes vart Potters Bar og South Mimms overført frå Middlesex.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hertfordshire

Kjelder[endre | endre wikiteksten]