Hertugdømet Parma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ducato di Parma
Hertugdømet Parma
Stat i Det tysk-romerske riket

1545–1802
1814–1859

Plasseringa til Parma
Plasseringa til Parma
Hertugdømet Parma og Piacenza (grønt).
Hovudstad Parma
Språk italiensk, emiliansk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Poltisk struktur Vasall
Hertug
 - 1545–1547 Pier Luigi (første)
 - 1854–1859 Robert I (siste)
Historie
 - Keisarleg diplom 16. september 1545
 - Aix-la-Chapelle-traktaten 24. april 1748
 - Fransk administrasjon 1. november 1802
 - Restaurering 11. april 1814
 - Samlinga av Italia 3. desember 1859
Valuta Parmisk lira

Hertugdømet Parma vart skapt i 1545 frå delen av hertugdømet Milano sør for elva Po, som eit len for den uekte sonen til pave Paul III, Pier Luigi Farnese, kring byen Parma.

I 1556 fekk den andre hertugen, Ottavio Farnese, byen Piacenza, og vart dermed òg hertug av Piacenza, så staten vart etter dette formelt kalla Hertugdømet Parma og Piacenza (Ducato di Parma e Piacenza på italiensk).

Farnese-familien styrte hertugdømet til dei døydde ut i 1731, og hertugdømet vart då arva av den unge sonen til kongen av Spania, Don Carlos. Mor hans, Elizabeth Farnese, var arvingen til Farnese-familien. Han styrte fram til slutten av den polske arvefølgjekrigen i 1735, då Parma vart avstått til keisar Karl VI i byte mot Dei to Sicilia.

Habsburgarane styrte berre fram til freden i Aix-la-Chapelle i 1748, då hertugdømet vart gjeven attende til Bourbon og Don Filip, den yngre broren til Don Carlos, som òg fekk det vesle hertugdømet Guastalla. Som hertug Filip, grunnla han Huset Bourbon-Parma og regjerte over Hertugdømet Parma, Piacenza og Guastalla (Ducato di Parma, Piacenza e Guastalla på italiensk).

Hertugdømet Parma og Piacenza (raudt) seint på 1700-talet i Italia.

I 1796 vart hertugdømet okkupert av franske soldatar under Napoleon Bonaparte, og den politiske situasjonen til staten vart ekstremt forivrrande. Hertug Ferdinand fekk halde trona under franske militære guvernørar fram til Aranjuez-traktaten i 1801, då ein generell avtale mellom Huset Bourbon og Napoleon formelt avstod hertugdømet til Frankrike i byte Toscana, men hertugen vart verande i Parma fram til han døydde i 1802, kanskje av forgifting. Napoleon hadde ikkje bestemd seg for framtida til hertugdømet, og prøvde å få Bourbon-familien som sine allierte i dei europeiske krigane. Sjølv om franske lover og administrasjon gradvis vart innført, vart den formelle annekteringa til Franske riket først erklært i 1808 då krigen braut ut mot det bourbonske Spania. Hertugdømet vart omgjort til departementet Taro.

I 1814 vart hertugdøma gjenoppretta under den habsburgske kona til Napoleon, Marie Louise, som styrte dei resten av levetida si. Etter Marie Louise døydde i 1847, vart hertugdømet gjeve attende til Bourbon-Parma-linja, som hadde styrt det vesle hertugdømet Lucca. I denne samanhengen vart Guastalla avstått til hertugdømet Modena. Bourbonarane styrte fram til 1859, då dei vart driven ut av ein revolusjon som følgde den franske og sardiske sigeren i krigen mot Austerrike (kalla den austerrikske krigen i Frankrike og den andre sjølvstendekrigen i Italia).

Hertugdømet Parma og Piacenza vart slått saman med storhertugdømet Toscana og hertugdømet Modena for å danne Dei sameinte provinsane i Sentral-Italia i desember 1859, og slått saman med kongedømet Sardinia for å danne kongedømet Italia i mars 1860 etter ei folkeavstemming.

Huset Bourbon gjer framleis i dag krav på tittelen hertug av Parma. Prins Carlos av Bourbon-Parma har halde tittelen sidan 2010.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]