Hertugdømet Pommern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herzogtum Pommern
Księstwo Pomorskie
Pòmòrsczé Knyżestwò
Hertugdømet Pommern
Delstaten i Det tysk-romerske riket
11211637 Naval Ensign of Sweden.svg
 
Provinz Pommern flag.svg

Våpenet til Hertugdømet Pommern mellom 1530 og 1637  til Pommern

Våpenet til Hertugdømet Pommern mellom 1530 og 1637

Plasseringa til Pommern
Kartet over Hertugdømet Pommern frå 17. hundreår
Hovudstad Stettin, Wolgast, Stolp, Demmin
Språk tysk, plattysk, pommersk
Styreform Hertugdøme
Historie
 - Grunnlagd 1121
 - oppdeling i småhertugdøme 1295
 - sameining under Bogislav X 1478
 - samanføying i Den oversaksiske rikskrinsen 1512
 - vidare oppdeling i småhertugdøme 1532
 - daude av Bogislav XIV 10. mars 1637
 - Freden i Westfalen – formell oppløysing 25. oktober 1648
I dag ein del av Polen, Tyskland

Hertugdømet Pommern (tysk Herzogtum Pommern) var eit hertugdøme som omfatta landskapet Pommern, ved sørlege kysten av Austersjøen, som i dag er delen til Polen (aust) og Tyskland (vest). Hertugdømet var arveleg og i laupet av sin heile historie var styrt av Gryf-dynastiet. Dauden til den siste hertugen av dette dynastiet førte til at landet vart delt i to av Sverige og Brandenburg-Preussen. Sjølv om det var berre kurfyrsten-hetugen av Brandenburg som hadde rett til å arve heile Pommern, var den vestlege delen av landet under svensk militærokupasjon. Oppdelinga i to var då stadfesta ved Freden i Westfalen.

Hertugdømet utvikla seg frå eit slavisk rike av Wartislaw I av Pommern som periodevis var avhengig av Polen, Sachsen, Danmark og til slutt Det tysk-romerske riket. Hertugane til Pommern hadde ofte styrt landet samstundes som førte til ulike interne inndelingar og framvoksteren til fleire senter av hertugleg makt. Intern veikskap står difor bak tapet av sjølvstendet. Etter Trettiårskrigen var kongane til Sverige og kurfyrstane-hertugane av Brandenburg, seinare kongane til Preussen, lista som medlemar av Den tysk-romerske Riksdagen, medan landskapet vart integrert i dei nye rika som det svenske maktområdet Pommern og som den brandenburgske provinsen under det same namnet.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]