John Churchill, 1. hertug av Marlborough

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hertugen av Marlborough)
John Churchill, 1. hertug av Marlborough

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 26. mai 1650
Musbury
Død

16. juni 1722 (72 år)
Cumberland Lodge

Yrke politikar, diplomat, offiser
Språk engelsk
Far Winston Churchill
Mor Elizabeth Drake
Ektefelle Sarah Churchill
John Churchill, 1. hertug av Marlborough på Commons

John Churchill, 1. hertug av Marlborough, prins av Mindelheim, KG, PC (26. mai 165016. juni 1722) var ein engelsk soldat og statsmann som hadde ein karriere som varte over fem monarkar frå seint på 1600-talet til tidleg på 1700-talet. Han steig i gradene frå eit beskjedent bod ved hoffet til huset Stuart, og tente lojalt Jakob, hertugen av York, gjennom 1670- og tidleg i 1680-åra, og fekk militære og politiske forfremmingar gjennom motet sitt og dei diplomatiske evnene. Rolla til Churchill i å slå Monmouthopprøret i 1685 hjelpte Jakob å sikre trona, men vart berre tre år seinare forlaten av hans katolske vernar for den protestantiske nederlendaren Vilhelm av Orange. Han vart æra for tenestene ved kroninga av Vilhelm med jarldømet Marlborough og utmerkte seg så i dei første åra av niårskrigen, men stadige skuldingar om jakobittisme førte til at han mista embetet og ei stund sat i fengsel i Tower. Det var først då dronning Anne i 1702 at Marlborough nådde makthøgepunktet sitt og sikra ry og lagnad.

Ekteskapet med den temperamentsfulle Sarah Jennings – den nære venen til Anne - sikra at Marlborough steig i gradene, først til armékommandant for dei britiske styrkane, så til hertug. Han var de facto leiar av dei allierte styrkane under den spanske arvefølgjekrigen, og sigrane hans i felten i Blenheim (1704), Ramillies (1706), Oudenarde (1708) og Malplaquet (1709), sikra han plass i historia som ein av dei største generalane i Europa. Det stormfulle forholdet kona hadde med dronninga, og at ho til slutt vart send bort frå hoffet, var sentral til fallet hans. Han hamna i unåde hos Anne og hamna mellom Tory- og Whig-fraksjonane, og Marlborough som hadde gjeve Anne heider og ære, vart tvungen frå embetet og reiste sjølv i eksil. Han kom attende til England og til påverknaden under huset Hannover med tiltredinga av Georg I til den britiske trona i 1714. Etter ei rekkje hjerneslag i seinare år, vart helsa hans gradvis verre, og han døydde i juni 1722 i Windsor Lodge.

Den umettelege ambisjonen til Marlborough førte han frå å vere ein fattig, ukjend mann til ein viktig person i britiske og europeiske affærar, og han vart ein av dei rikaste av alle emna til Anne. Familiesambanda hans førte han inn i europeisk politikk (systera Arabella vart elskarinna til Jakob II og sonen deira hertugen av Berwick, vart ein av dei største marskalkane til Ludvig XIV). Gjennom ti felttog på rad under den spanske arvefølgjekrigen, heldt Marlborough saman ein koalisjon som hadde vanskar med å samarbeide gjennom den sterke personlegdomen sin og førte nivået til den britiske armeen til eit nivå ingen hadde sett sidan mellomalderen. Sjølv om han til slutt ikkje klarte å få fienden til total kapitulering, førte sigrane hans til at Storbritannia vart ei stormakt som sikra landet stor velstand utover på 1700-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]