Hertz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hertz er ei SI-avleia eining for måling av frekvens. Symbolet for hertz er Hz.

Eininga har fått namnet etter den tyske fysikaren Heinrich Rudolf Hertz, som gav viktige bidrag til vitskapen om elektromagnetisme.

Éin hertz er «ei svinging (eller hending) per sekund», 100 Hz blir då «hundre (hendingar) per sekund». Eininga kan bli brukt om alle periodiske hendingar. Til dømes kan ein seie at ei klokke tikkar med frekvensen 1 Hz.

Den inverse funksjonen av frekvens er tid (periode); slik blir ein frekvens på 1 Hz ein periode på eitt sekund. Ein frekvens på 1 MHz svarer til ein periode på eitt mikrosekund.

Bruk av eininga hertz[endre | endre wikiteksten]

Namn Symbol Faktor Hertz
1 kilohertz kHz 103 Hz 1 000 Hz
1 megahertz MHz 106 Hz 1 000 000 Hz
1 gigahertz GHz 109 Hz 1 000 000 000 Hz
1 terahertz THz 1012 Hz 1 000 000 000 000 Hz
1 petahertz PHz 1015 Hz 1 000 000 000 000 000 Hz
1 exahertz EHz 1018 Hz 1 000 000 000 000 000 000 Hz

HertzKilohertz (103Hz) → Megahertz (106Hz) → Gigahertz (109Hz) → Terahertz (1012Hz) → Petahertz (1015Hz) → Exahertz (1018Hz)