Hervé Télémaque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hervé Télémaque
Foto: l’Encyclopédie audiovisuelle de l’art contemporain

Hervé Télémaque (fødd 5. november 1937 i Port-au-Prince i Haïti) er ein haitisk-fransk samtidskunstnar som er assosiert med narrativ og figurativ kunst. Uttrykksformene hans er måling og grafikk. Télémaque er ein viktig representant for avantgardekunsten som utvikla seg i Frankrike i 1960- og 1970-åra.

Hervé Télémaque forlét Haiti i 1957 og studerte ved Art Students League of New York i USA fram til 1960. Der oppdaga han den abstrakte ekspresjonismen og surrealismen som då var populært blant dei USA-amerikanske kunstnarane, og spesielt Arshile Gorky. Hans eigen kunst utvikla seg likevel meir i retning av popkunsten.

Tidleg i 1960-åra fekk kunsten hans internasjonal merksemd, og verka hans kom med på større internasjonale utstillingar. I 1964 var han til dømes med på den 32. Veneziabiennalen.

Han har budd og arbeidd i Paris sidan 1961. Télémaque var ein av dei fyrste kunstnarane innan popkunst i Frankrike. Ved sidan av måling, arbeider han også med kollasjar og montasjar, fyrst og fremst med bruk av farga papir.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]