Hervikfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hervikfjorden er ein sidefjord av Boknafjorden i Tysvær kommune. Fjorden endrar namn på veg innover til Skjoldafjorden og Grindefjorden, og desse fjordstykka ligg langs grensa til Vindafjord kommune. Frå innløpet til Hervikfjorden til botn av Grindefjorden har han ei total lengd på 38 km. Fjorden har innløp mellom halvøya Stong i aust og Nautøya i vest. Nautøya ligg like aust for Bokn og søraust for Kårstø.

Litt nord for innløpet ligg Spissøya midt i fjorden. Her ligg bygda Hervik på vestsida og på austsida går Espevik inn til grenda Espevik. Her ligg òg Espevikholmane og grendene Ringstveit og Bornevik. Nord for Spissøya ligg den store Borgøya med ei lengd på 4 km og ei breidd på om lag 2 km på det breiaste. Nord for Borgøya ligg grendene Hundsnes og Slogvik på vestsida og her skiftar fjorden namn til Skjoldafjorden. Sjå artikkelen om denne fjorden for detaljar om fjorden vidare innover.