Herwig Franz Schopper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herwig Schopper

Herwig Franz Schopper (fødd 28. februar 1924) er ein tysk fysikar.

Han var professor i fysikk ved Universitetet i Mainz frå 1957 til 1960, og professor og direktør for kjernefysikklaboratoriet ved Universitetet i Karlsruhe frå 1961 til 1973. Sidan 1973 har han vore professor ved Universitetet i Hamburg og leiar for elektronsynkrontronlaboratoriet DESY i Hamburg 1973–1980. I perioden 1981-1988 var han generaldirektør for CERN. Schopper er kjent for bidraga sine til elementærpartikkelfysikken, spesielt for bygginga av store akseleratorar med sikte på å nå nye energiområder. Han leia avdelinga for partikkelfysikk ved CERN 1970–1973, då dei første lagringsringane vart konstruerte. Den same metoden er utnytta i andre prosjekt han har leia i Hamburg og ved CERN.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]