Herzogenaurach
Utsjånad
| Herzogenaurach | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Bayern | ||
| Areal | 47,62 km² | ||
| Folketal | 24 674 (31. desember 2023) | ||
![]() Herzogenaurach 49°34′12″N 10°52′55″E / 49.57°N 10.881944444444°E | |||
| Wikimedia Commons: Herzogenaurach | |||
Herzogenaurach er ein by og ein kommune i forbundslandet Bayern i Tyskland, 23 kilometer nordvest for Nürnberg. Byen ligg ved elva Aurach og høyrer til Landkreis Erlangen-Höchstadt. Kommunen har om lag 25 000 ibuarar og eit areal på 47,6 km².
Herzogenaurach er internasjonalt kjent som heimstad for Adidas og Puma, produsentar av idrettsutstyr. Desse firmaa vart skipa av to brør, Adolf og Rudolf Dassler, som sidan var harde konkurrentar i den internasjonale marknaden. Også Schaeffler-Gruppe, som framstiller bildelar, har hovudkontor i Herzogenaurach.

Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Herzogenaurach» frå Wikipedia på tysk, den 25. september 2024.
