Hesneskanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hesneskanalen er ein sjøkanal mellom Osterkilen og Berstelkilen i Grimstad kommune i Aust-Agder. Kanalen er frå 1883 og er ganske smal og grunn slik at berre småbåtar kan passere. Over kanalen passerer vegen til Marivold camping. Seglingshøgda under brua er 2,5 meter.

I juli 2012 vart det arrangert Verdsmeisterskap i klippestup ved utløpet av kanalen i Berstelkilen.[1] Her er det òg eit anlegg for småbåtar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]