Hespetre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gammalt tysk hespetre, garnvinde for å laga garnbuntar av spunnen tråd. Denne modellen har fire armar og tannhjul i tre.

Hespetre er ein mekanisme ein kan bruka til å laga ein hespel (garnbunt) av tråd som er spunne på hjulrokk eller handtein.

Den eldste og enklaste typen består av ei stong i midten med lett boga tverrtre ytst i kvar ende. Garnet vert lagt om tverrarmane, medan hespetreet vert svinga med handa slik at det lagar ein hespel.

På eit hespetre funne i Oseberg frå 800-talet ligg dei to tverrarmane i same plan, medan dei i nyare hespetre av same type er plassert i rett vinkel mot kvarandre.

Etterkvart vart den gamle typen erstatta av roterande reiskapar som har vore brukte heilt opp til vår tid. Det nye hespetreet var laga av ei oppståande stong på føter med fire armar i eit kryss festa oppe på sida slik at det roterer vertikalt. Det vert drive av eit lite handtak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Marta Hoffman: Frå fiber til tøy, Landbruksforlaget 1991

Denne artikkel bygger på nb:Hespetre 6 september 2017