Hest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hest

Status i verda: Husdyr

Travande hestar
Travande hestar

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Perissodactyla
Slekt: Equus
Vitskapleg namn
Equus caballus
Hest, gamp, øyk
Namn på andre språk
Norrønt Hestr, hross
Nordsamisk Heabuš
Svensk Häst
Dansk Hest
Engelsk Horse
Tysk Pferd
Fransk Cheval
Spansk Caballo
Russisk Losjad (Лошадь)

Hest (Equus caballus) er eit hovdyr som vert bruka av menneske trekkdyr, ridedyr og til mat.

Tidlegare hadde hesten ein viktig plass i landbruket, men traktorar har stort sett tatt over for nyttearbeidet, og hesten vert i dag mest brukt i tevlingar eller til fritidsaktivitetar. Hesteeigarar som tener pengar på hestar driv enten med konkurransesport som trav eller galopp, eller dei handlar med hestar.

Dei aller fleste hestar lever i fangenskap, men på enkelte stader finst det frie hestar. Villhestane på Island går saman med tamhestar som hestebønder slepper ut på beite over vinteren. Mustangane i Nord-Amerika er freda. Det finst tre heilnorske hesterasar; fjordingen, lyngshesten og dølahesten.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «hest» kjem av norrønt hestr. Andre ord for hest er «gamp» og «øyk». Hodyret vert kalla «hoppe» eller «merr», og hanndyret vert kalla «hingst». Ein kastrert hingst er ein «vallak». Små hestar blir kalla ponni. Ein hest som er under eit år gamle kallar ein føl eller fole.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Tysk skisse av hesten sin anatomi, 1689

Hesten er eit pattedyr som høyrer til dyregruppa upartåa hovdyr (Perissodactyla) saman med flodhestar og tapirar. Hesten går inn under hestefamilien (Equidae) saman med esel og sebra.

Ei hoppe går drektig i rundt 11 månader. Hestane er planteetarar, og i vill tilstand et hestar store delar av døgnet. Dei har liten magesekk, men lange tarmar som kan melte cellulose.

Håret hesten har frå hovudet og ned mot ryggen vert kalla man. Augene til hesten er plassert på sidene av hovudet, noko som gir han god oversikt så han kan oppdage farar som truar. I vill tilstand er hestane flokkdyr som kan vandre langt på leiting etter beite. Eit nyfødd føl har lange bein for å kunne fylgje flokken sjølv når det er heilt lite.

Gangartar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste hestar har gangartane skritt, trav og galopp. Nokre, som islandshesten, har i tillegg tølt og passgang. I skrittgang flyttar hesten på eit bein om gangen. Trav er ein gangart der beina flyttar seg diagonalt, det vil seie høgre framfot og venstre bakfot samstundes og omvendt. Galopp er den raskaste gangarten.

Hesterasar[endre | endre wikiteksten]

På grunn av evolusjon og målretta avl, finst det i dag ei mengd hesterasar med ulike eigenskapar. Den største er shirehesten og den minste er falabellaen.

Sjukdomar som er mest vanleg på hestar er kolikk, «forfangenheit»(laminitt) og krysslamming.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hest
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.