Hestedalsvatnet
Utsjånad
61°48′30.168″N 6°2′40.963″E / 61.80838000°N 6.04471194°E
| Hestedalsvatnet | |||
| innsjø | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Gloppen | ||
| Høgd over havet | 534 moh. | ||
| Areal | 0,049 km² | ||
![]() Hestedalsvatnet 61°48′30″N 6°02′40″E / 61.80830002°N 6.04449987°E | |||
Hestedalsvatnet er ein innsjø i Gloppen kommune i Vestland. Hestedalsvatnet er ein idyllisk innsjø som ligg ein kort gåtur frå Sandsstøylen i Gloppen kommune. Fisken er av fin kvalitet, det vert fiska ut med garn for å halde fiskebestanden i sjakk. Båt og garn ligg fritt tilgjengeleg for dei som vil nytte seg av det. Ein treng ikkje fiskekort for å fiske i Hestedalsvatnet.
Hestedalsvatnet består av to innsjøar. Eit heiter «Veslevatnet» og ligg noko høgare i terrenget. Det andre heiter «Storevatnet». Hestedalen er eit lite trafikkert område og er fint egna til familie- og trimturar.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Meir informasjon om Hestedalsvatnet Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine.
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
