Hesteskomagnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hesteskomagnet

Ein hesteskomagnet er ein stavmagnet som har hesteskoliknande form slik at polane på magneten kjem nær kvarandre. På den måten blir magnetfeltet i luftgapet mellom polane konsentrert, og ein får eit sterkt felt som spreier seg lite utover. Hesteskomagnetar er godt eigna som løftemagnetar. Dei kan lagast som permanente magnetar eller som elektromagnetar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]