Hestespreng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hestespreng
Hestespreng
Hestespreng
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Klasse: Equisetopsida
Orden: Sisselrotordenen Polypodiales
Underorden: Pteridineae
Familie: Pteridaceae
Underfamilie: Cryptogrammoideae
Slekt: Cryptogramma
Art: Hestespreng C. crispa
Vitskapleg namn
Cryptogramma crispa

Hestespreng er ein planteart av bregnar. Planta dannar opp til 3 dm høge tette tuer av lysgrøne blad av to typar. Dei fleste blada er sporelause og sterkt flikete, dei noko lengre sporeberande blada meir opprette. Arten si utbreiing er avgrensa til Europa. Hestespreng er vanleg i heile Noreg over skoggrensa på steinete, kalkfattig grunn i urer og rasmarkar der det ligg eit tjukt snødekke om vinteren. På Vestlandet finst arten også ned mot havnivå. I Hordaland er hestespreng funnen opp til over 1500 m. Best kjend er bregna på Vestlandet der folk meiner at planta er giftig for husdyr, særleg for hestane. Det heiter at hestar som et dette graset vert sprengde fordi hestemagen vert blesen opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]