Hesthamar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hesthamar
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Ullensvang
Postnummer 5778 UTNE
Preposisjon Hesthamar
Gardnummer 110[1]
Wikimedia Commons: Hesthamar skrivargard

Hesthamar, tidlegare òg skrive Hesthammar[2], er ein matrikkelgard og ei lita grend i Ullensvang herad i Hordaland. Hesthamar ligg ved Indre Samlafjorden, på Folgefonnhalvøya, fire kilometer nordvest for Utne. Fruktdyrking er ein viktig leveveg. Hesthamar ligg ved Riksveg 550 og vegen er her del av Nasjonal turistveg Hardanger.[3]

På Hesthamar ligg Skrivargarden, eit våningshus bygd i 1723 av sorenskrivar Jens Fabricius.[4] Bygningen vart restaurert av filosofen Arild Haaland i 1970-åra, og er no freda.[5]

Eit stykke oppe frå fjorden står eit minnesmerke kalla Steinkrossen som etter segna skal ha vorte sett opp til minne om lagmann Sigurd Brynjulfsson frå Aga. Han skal ha drukna på Samlafjorden i 1302 og vorten attfunnen i fjøra på Hesthamar.[4]

Frå 1919 til slutten av 1950-åra låg Hardanger jordbruks- og fruktdyrkingsskule på Hesthamar.[6][7]

Slektsnamn[endre | endre wikiteksten]

Hesthamar er òg nytta som etternamn. Nokre kjende berarar er:

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Matrikkelutkastet av 1950 på nettstaden dokpro.no».  Vitja 9. desember 2009
  2. ««Hesthamar er rett» publisert 8. desember 2009 på hardanger-folkeblad.no». 
  3. «Nettstaden turistveg.no».  Vitja 9. desember 2009
  4. 4,0 4,1 ««Hesthamar» på nettstaden grind.no» (PDF).  Vitja 9. desember 2009
  5. «Riksantikvaren: kulturminnesøk.no».  Vitja 9. desember 2009
  6. Johs. Sætherskar, red. (1952). «Hardanger jordbruks- og fruktdyrkingsskule». Det norske næringsliv : Hordaland fylkesleksikon. Bergen: Det norske næringsliv forlag. s. 768. 
  7. «Arkivkatalog for Kinsarvik kommune på nettstaden til Interkommunalt arkiv Hordaland» (PDF).  Vitja 9. desember 2009