Hopp til innhald

Hestmona

Hestmona
Geografi
StadHelgeland
Koordinatar66°32′26″N 12°50′22″E / 66.54056°N 12.83944°E / 66.54056; 12.83944
Areal13,6 km²
Høgaste punktHestmannen (571 moh.)
Administrasjon
LandNoreg Noreg
FylkeNordland
Demografi
Folketal50
Folketettleik3,7 /km²

Hestmona er ei øy i Lurøy og Rødøy kommune i Nordland fylke. Ho er 13,6 km² stor, og det bur om lag 50 fastbuande på øya. Den nordlege halvdelen (Storselsøy) høyrer til Rødøy kommune, medan den sørlege halvdelen med garden Hestmona) høyrer til Lurøy kommune. Landskapet på øya er dominert av dei to fjella Hestmonkallen (571 moh.) og Ambota (318 moh.). Polarsirkelen kryssar den nordlege delen av øya.

Viktigaste næringsveg på Hestmona er landbruk. Den einaste skulen på øya er Hestmannøy skule, som for tida er under administrasjon av Selsøyvik skule.

Øya er òg kalla Hestmannøya, ei forvansking av det opphavlege namnet[1], påverka mellom anna av segner om Nordlandsfjella der Hestmannen er ein sentral figur.

DS «Hestmanden» er kalla opp etter fjellet Hestmannen. Postadressa hit er 8197 STORSELSØY.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]