Hestrie Cloete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hestrie Cloete
Fødd 26. august 1978
Germiston
Yrke friidrettsutøvar

Hestrie Cloete, fødd Storbeck, (fødd 26. august 1978) er ein sørafrikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Germiston. Ho vart verdsmeister i høgdehopp i 2001 og 2002, og vann OL-sølv både i 2000 og 2004.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

185 cm høge Cloete vann høgdetevlinga i Afrika-leikane 1995 i Harare. Tre år seinare vart ho afrikameister i Dakar etter å ha svinga seg over 1,92 m og i 1999 vann ho øvinga med 1,96 m under Afrika-leikane i Johannesburg.

Under Sommar-OL 2000 i Sydney vann Cloete sølvmedaljen i høgdetevlinga, på same høgda som den russiske gullvinnaren. Året etter vann ho gullmedaljen ved friidretts-VM 2001 i Edmonton, på same høgda som sølvvinnaren, det òg ein russisk utøvar. Ved friidrett-VM i Paris i 2003 gjorde ho sitt livs beste høgdehopp på 2006 og vann ein suveren gullmedalje. Året etter stoppa ho på 2,02 m under sommarleikane 2004 og tok sølvmedaljen med færre riv enn bronsevinnaren, ukrainske Vita Stjopina.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]